Soria Moria

Dei fleste har vel høyrt om Soria Moria då dei var små. Det var namnet på eventyrslottet der helten fann den bortkomne prinsessa.

Eventyret «Soria Moria slott» vart nedskrive av P.Chr. Asbjørnsen og trykt i Norske Folkeeventyr i 1843.  I 1900 laga Th. Kittelsen ein eventyrserie i 12 bilete med namnet Soria Moria slott.

Det er uvisst kvar namnet skriv seg frå, men det er peikt på likskap med finsk suuria muuria, dvs. ’store steinhus’. Moltke Moe sette namnet i samband med Kuria Muria-øyane (lagt ut som ’landet til dei sæle’) utanfor sørkysten av den arabiske halvøya. Det kan òg tenkjast at den bibelske forteljinga om kong Salomo som bygde eit tempel på Moria berg (2. Krøn 3,1), kan liggja til grunn for namnet. Det var på dette berget Gud openberra seg for David.

No om dagen set me namnet Soria Moria særleg i samband med hotellet og konferanse-senteret som ligg i utkanten av Oslo. Her vart Soria Moria-erklæringa til, den politiske plattforma for den sitjande regjeringa.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.10.2009 | Oppdatert:20.12.2022