Solidaritet

Sidan 1947 har 1. mai vore offentleg høgtidsdag i Noreg. Det er ein kampdag og ein festdag då arbeidarrørsla markerer sine viktigaste verdiar – fellesskap og solidaritet.

Solidaritet er definert som ’fast samhald’ i Nynorskordboka. Ordet solidarité vart utvikla i Frankrike. På 1500-talet brukte juristane det som ei nemning for det å ha sams ansvar for gjeld som ein av medlemmene av ei gruppe hadde pådrege seg. Ved overgangen til 1800-talet gjekk solidaritetsomgrepet frå jussen til sosiologien og etter kvart òg til politikken. For folk i Skandinavia har det først og fremst vore knytt til arbeidarrørsla. Ordbog over det danske Sprog forklarer solidaritet slik: «Det at være solidarisk; dels (jur.) m. h. t. fælles ansvar, forpligtelse; dels (polit.): samdrægtighed; (ubrødeligt) sammenhold …»

Ordet er lett attkjenneleg i andre europeiske språk: solidaridad (spansk), solidarity (engelsk), solidarność (polsk) og Solidarität (tysk).

Adjektivet solidarisk er ei avleiing av eit anna adjektiv, solid, frå latin solidus ’fast, tett’. Solidarisk har kome gjennom tysk frå fransk solidaire. Og går ein til verbet, er det vanleg å solidarisera seg med …, ’visa solidaritet med’.

 

Publisert: 30. april 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter