Sankthans

No image

Det fulle namnet på sankthans er Sankt Johannes’ dag. Det er nemninga på 24. juni, dagen da døyparen Johannes vart fødd. 

I Noreg markerer vi mange stader denne dagen med bålbrenning kvelden før, som er ein gammal skikk. Sankthansfeiringa fell saman med midtsommarfeiringa, og i Nord-Europa har den lyse midtsommartida vore markert heilt sidan heidensk tid. I Sverige vert høgtida framleis til vanleg kalla midsommar, men i finlandssvenske dialektar finn ein nemningane johanne og johanni.

Både Jon og Hans er kortformer av Johannes. Det norrøne namnet på sankthans var jónsvaka. Endinga -vaka vart med tida til -ok, så i store delar av landet heiter det tradisjonelt jonsok eller noko liknande. Vi finn same endinga i ordet olsok (29. juli).

Til liks med andre nemningar for høgtider er både jonsok og sankthans vanlege samnamn som skal skrivast med liten forbokstav.

I stykket «St. Hans-Aften paa Landet» (1858) har Ivar Aasen meir om den gamle jonsokfeiringa:

Norsk folketro av Ørnulf Hodne

Utklippet er frå Norsk folketro av Ørnulf Hodne.

(Toppbilde: Nikolai Astrup, Jonsokbål)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter