Røysterett

I dag blir vi minte på at allmenn røysterett ikkje er noko sjølvsagt gode.

Då kvinnene fekk røysterett ved stortingsval, var ordet stemmerett innarbeidd i riksmål, stemmeret i dansk, rösträtt i svensk og røysterett i landsmål. Nokre generasjonar tidlegare var det ikkje sjølvsagt at røyst eller stemme skulle bli det sentrale ordet på dette området. På midten av syttenhundretalet skal votum ha vore vanlegare i dansk. Men røystemetaforenharvunne fram, endå røyster gjerne er papirlappar som knapt nok kviskrar i urna. Votum er helst nytta i særtydingar no.

Votum kjem frå latin, der det tydde ’lovnad, ønske’. Opphavet er verbet vovere ’love høgtideleg’. I dag er det forklart slik i ordboka: «røyst gjeven i ei røysting; skriftleg eller munnleg grunngjeving for røysting; utfall av røysting mistillitsvotum/særvotum».

På engelsk heiter politisk røysterett mellom anna suffrage, av latin suffragium (med uklårt opphav). Om kvinnene som fekk nemninga suffragetter, seier Norsk Riksmålsordbok dette: «om eldre eng. forh., kvinne som (i voldsomme ord og handlinger) agiterte for at kvinner skulde få stemmerett og rett til å sitte i Parlamentet».

Til lukke med røysteretten!

 

Publisert 11. juni 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.06.2013 | Oppdatert:04.08.2021