Rå mat

Når maten er rå, er han ikkje kokt eller steikt. Er spekemat og røykjelaks, populær festmat på denne årstida, rå mat?

«Rå mat» er ein trend i moderne kosthald der ein baserer seg på grønsaker, frukt, nøtter osv., brukt mest mogleg ubehandla.
 
Tradisjonelt bruker vi adjektivet «rå» om mat noko annleis, nemleg om matvarer som vi vanlegvis koker eller steikjer før vi et dei. Det vil seie matvarer som kjøt, fisk, mange grønsaker og også mjøl og ris. Er ikkje maten kokt eller steikt lenge nok, kan han framleis vere rå, t.d. ha rårand i brødet.

Derimot har det ikkje vore vanleg  å bruke «rå» om mat som er laga til med visse andre konserveringsmetodar utan varmebehandling. Spekekjøt er kjøt som er salta, tørka og gjerne røykt. Det er ferdig til å etast utan koking. Det same gjeld mat som gravlaks, røykjelaks og rakefisk.

 

Publisert: 2. mai 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter