Pris, premie og ved(er)løn

Nobels fredspris er ein av dei mest kjende prisane i verda, men det finst òg mangt anna prisverdig. Språkrådet skal dele ut Språkprisen på Språkdagen 15. november, og du kan nominere kandidatar til Klarspråksprisen.

Pris er eit gammalt lånord i norsk, som vi har fått gjennom lågtysk frå gammalfransk pris (nyfransk prix). Fransk er eit romansk språk, og opphavet til ordet finn vi i det latinske pretius, som tyder ’verde, verdi, påskjøning, løn’. På norsk brukar vi det både om ’det noko kostar’ og om ’påskjøning’.

I Nynorskordboka er pris forklart som ’premie i tevling’, og premie har vi også frå latin. Praemium kjem av prae- og emere, som eigentleg tyder ’ta’. Dei første premiane var rett og slett ’rov, fangst, byte’. Sjølv om pris delvis er synonymt med premie, blir orda bruka noko ulikt på norsk. Vi får premiar i tevlingar vi tek del i, mens prisane heller er påskjøning for godt utført arbeid av eit eller anna slag.

Det tredje ordet vi har teke med i overskrifta, finn vi verken i norske ordbøker eller i andre. Men når vi kjem til den iberiske halvøya, finn vi galardón som synonym til premio på spansk, og liknande på katalansk, portugisisk og galisisk (og på baskisk). Mens vi har lånt pris og premie frå romansk, har desse fire romanske språka lånt galardón frå germansk wĭthralaun. Om dette ordet hadde vore med oss i dag, kunne vi kanskje ha tala om vedløn, jamfør ord som vedkjenning, eller vi kunne med litt lågtysk påverknad ha fått vederløn, som i vederlag.

Vanlegvis kallar vi ord vi får frå andre språk, for lånord, og på dette området kan vi da seie at det har skjedd eit bytelån mellom germansk og romansk.

PS: Somme legg prisar under leppa, men denne typen pris er frå fransk prise, som tyder ’grep, tak, klype’.

 

Publisert: 7. oktober 2011 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter