President

I det siste har presidentvalet i USA prega nyheitene, og når vi nemner ordet president utan vidare samanheng, er kanskje det nordamerikanske statsoverhovudet det første vi kjem på.

Men presidentar finn vi òg mange andre stader; til dømes har vi her til lands både ein NHO-president og ein stortingspresident.

Opphavet til ordet finn vi i det latinske praesidens (praesident- i oblike former), som kjem frå verbet praesidere, eigentleg ’sitja framfor’. Eit tilsvarande uttrykk har vi på norsk i ha forsete. Vi kan sjå at norsk sitja og latinsk -sidere/sedere har sams indoeuropeisk opphav.

President i tydinga ’leiar for ei forsamling eller eit styre’ (som i NHO-president og stortingspresident) har vore i bruk i europeiske språk i mange hundre år; på svensk og dansk finst det døme frå 1600- og 1700-talet. Tydinga ’statsoverhovud’ kan derimot daterast spesifikt til den nordamerikanske grunnlova frå 1787, og etter dette har president blitt den vanlege nemninga for statsoverhovud i republikkar. Det er òg variantar av lånordet president vi finn att i dei fleste språk, men på islandsk har dei ein forseti. 

 

Publisert 12. november 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.11.2012 | Oppdatert:04.08.2021