Pollensesong

Vi er midt inne i pollensesongen. Kor har vi ordet pollen frå, og kva tyder det?

Visse planteslag produserer store mengder pollen som blir spreidd med vinden. Dei enkelte pollenkorna er dei hannlege spreiingsorgana til plantene. Pollen blir òg kalla blomstermjøl og blomsterstøv på norsk, og pollinering er det same som bestøving eller mjøling. Ordet pollen kjem frå latin, der tydinga er nettopp ’fint mjøl, støv’. Det har etymologisk samanheng med pulver.

Pollen frå lauvtre som bjørk, or og hassel gjev allergiske reaksjonar hos mange om våren. Om sommaren kjem graspollenet for fullt. Det kan gje høysnue, som er ei form for pollenallergi. Ordet høysnue blir òg brukt generelt om slik allergi.  

Ser ein på pollen i mikroskop, kan ein sjå at dei ørsmå pollenkorna har svært varierande former hos ulike slekter og artar. Pollenkorna har ein sterk yttervegg slik at dei kan halde seg i mange millionar år i jorda. Ved å studere pollenet som finst i myrar og avsetningar, kan ein finne ut kva planter som voks i området i tidlegare tider. Med pollenanalyse kan ein granske korleis vegetasjonen har endra seg, og dermed korleis klimaet har vore i ulike periodar.

 

Publisert: 17. juni 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter