Oskeonsdag 13. februar, valentinsdagen 14. februar

No i februar kjem merkedagane på rekkje og rad.

Søndag 10. februar var både morsdag og fastelavnssøndag. Morsdag feirar vi her i landet andre søndagen i februar. Dei tre dagane etter fastelavnssøndag har frå gammalt av vore kalla blåmåndag, feitetysdag og oskeonsdag. Oskeonsdag innleier fastetida, som i den kyrkjelege tradisjonen varer i førti dagar, fram til påskeaftan.

I år kjem så valentinsdagen rett etterpå, alltid den 14. februar. Denne dagen er til minne om Sankt Valentin.

Les meir om valentinsdagen og feitetysdag og oskeonsdag her. Fleire ord som knyter seg til påsketida, finn du her.

 

Publisert 12. februar 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter