Og jula varer heilt til påske

«God påske!» seier vi gjerne i desse tider.

Ordet påske blir også brukt i ein del uttrykk som berre indirekte har med påskehøgtida å gjere. Slike talemåtar har uvisst opphav og refererer gjerne til dagleglivet og årets gang på ein litt skjemtande måte. Uttrykket «jula varer heilt til påske» blir brukt om eit fjernt tidspunkt eller eit langt tidsspenn. Mange kjenner det til dømes frå denne julevisa som blir sungen i alle dei skandinaviske landa:

Nå er det jul igjen,
Og nå er det jul igjen,
Og jula varer helt til påske.
Nei det er ikke sant,
Nei det er ikke sant,
For der imellom kommer faste! 

Eit anna uttrykk vi finn i ordbøkene, er «nei, no står ikkje verda til påske!». Det blir gjerne brukt om noko som er heilt uventa, som uttrykk for forundring.

bilder

Mange ord og uttrykk som har med påske å gjere, er felles for dei skandinaviske språka, medan andre er meir avgrensa til eitt land. Danskane sender kvarandre gækkebrev ved påsketider. Drive gæk med betyr ’ha moro med, halde for narr’, og  vintergæk er her brukt om snøklokke, blomen som driv gjøn med vinteren ved å bløme så tidleg.

I Den danske rettskrivningsordbog er gækkebrev  forklart slik:

Kunstfærdigt udklippet papirark der tidligt om foråret sendes i en kuvert sammen med en vintergæk, og som indeholder ét eller flere vers underskrevet med lige så mange prikker som der er bogstaver i afsenderens navn (ofte et barn). Hvis modtageren ikke kan finde ud af hvem afsenderen er, skal vedkommende give afsenderen en gave, fx et påskeæg.

På nettsidene til Språkrådet i Sverige finn vi artikkelen Puss i påsk (puss betyr’kyss’):

Att kyssas på påsken är en gammal tradition som fortfarande lever inom den grekisk-ortodoxa kyrkan. I Sverige har man talat om påskpussar och att ge någon en puss i påsk åtminstone sedan 1800-talet. I Svenska Akademiens ordbok finns ett belägg från tidningen Söndagsnisse 1871: Du har … lofvat mig något. – Hvad då? … Jo, en puss i Påsk.
 

 

Publisert 30. mars 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.03.2012 | Oppdatert:04.08.2021