Norskpakistanar

Norskpakistanarar og norskamerikanarar

«Norskpakistanar» er det vanlege ordet for ein innvandrar til Noreg frå Pakistan. Mange samanliknar ord av denne typen med «norskamerikanar», som står for ein utvandrar frå Noreg. Kva kan det komme av at vi har fått norsk- først i begge orda, slik at rekkjefølgja blir ulik av opphavleg og ny nasjonalitet?

Ein kan tenkje seg at språkbrukarane har teke utgangspunkt i «norskamerikanar» og lagar nye kombinasjonar utan å leggje avgjerande vekt på kva som er det opphavlege og det nye heimlandet. Det viktigaste er å få fram at dei omtalte personane har tilknyting til to land. Det kan òg spele inn at det reint rytmisk er lettast å uttale ordet med det korte leddet norsk- først.

Dansk og svensk har hatt same utvikling som norsk. I dansk har ein ord som «danskpakistaner», i svensk «svensksomalier» og «svenskkurd». Ein «finlandssvenske» bur i Finland, mens ein «sverigefinne» er busett i Sverige.

 

Publisert 9. oktober 2008

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter