Nato

No image

Førebuingane til ei av dei største Nato-øvingane Noreg har sett, er i sluttfasen. Korleis skriv vi initialord som Nato og samansetningar med dei?

Trident Juncture 18 er namnet på militærøvinga Nato skal halde i Noreg og nokre av grannelanda denne hausten. Nato er eit initialord, eller bokstavord, som er danna av førebokstavane i North Atlantic Treaty Organization, det fulle namnet organisasjonen har på engelsk. Nato er dessutan eit akronym – eit initialord som blir uttalt som eit vanleg ord, altså ikkje bokstav for bokstav.

I akronym er det nok med éin stor bokstav, altså Nato, Unicef og fleire. Vi tilrår denne skrivemåten, men former som NATO og UNICEF kan òg nyttast. Initialord som blir uttalte bokstav for bokstav, skal derimot i regelen skrivast med berre store bokstavar, til dømes NRK (Norsk rikskringkasting) og SMK (Statsministerens kontor). Merk at råda over gjeld særnamn (eigennamn); er det tale om samnamn (fellesnamn), kan vi ofte velje mellom store og små bokstavar, til dømes PC/pc og TV/tv.

Samansetningar med initialord som blir skrivne med berre store bokstavar, får alltid bindestrek. Til dømes heiter det NRK-program og SMK-dokument. Vi kan gjere det same med akronyma, altså Nato-øving og Unicef-fadder. Det er òg mogleg å skrive til dømes natoøving, på same måte som vi kan skrive oslofolk, men det er mindre vanleg.

nettsida vår om forkortingar finn du ein blå regelboks der vi har samanfatta desse råda.

 

Publisert 14. september 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter