Merkedagar i november

Helgemess, mortensmess, marioffer, klemetsmess ... I den grå novembermånaden er det frå gammalt av mange helge- og merkedagar. Her omtalar me nokre.  

bilder

Dei fleste kjenner helgemess (bokmål: allehelgensdag), som er lagd til første sundag i november i Den norske kyrkja. Dagen er ein gammal kyrkjefest til minne om alle helgenar og martyrar.

11. november, mortensmess, var minnedag for den franske biskopen og helgenen Martin frå Tours, som døydde i 397. Legenda seier at han prøvde å gøyma seg i ein gåseflokk då folket ville velja han til biskop mot hans vilje. Gjæsene laga så mykje leven at han vart oppdaga. Sidan vart det tradisjon i fleire land å feira dagen med å eta gås (mortensgås). Skikken med å eta gås mortensmess har truleg komme til Noreg frå Danmark. I Noreg vart gjerne grisen slakta på mortensmess.

21. november er marioffer, ei gammal kyrkjehøgtid til minne om at jomfru Maria som barn vart førd til templet i Jerusalem som offer til Gud. Primstavmerket kan vera eit krona hovud med strålekrans. Den dagen var det etter den folkelege tradisjonen skikken å betala tiendeull til prestekonene.

23. november er klemetsmess, til minne om Clemens 1., som var biskop i Roma 92–101. Han vart vist bort frå Roma og send på slavearbeid på Krim. Der var han med og bygde kyrkjer. Legenda fortel at som straff vart han søkkt i Svartehavet med eit anker om halsen. Somme primstavar har eit anker til merke denne dagen, og i den folkelege tradisjonen kom det til å stå for at då skulle skipa liggja i vinterhamn. Somme stader sette dei frå den dagen borna på skralare kost, så julematen skulle smaka så mykje betre.

25. november er karimess, ein minnedag for den heilage jomfrua Katarina frå Alexandria. Ho skulle etter legenda drepast ved å bli lagd på eit hjul med piggar. Eit under hende, og hjulet vart øydelagt, men då vart ho halshogd. På nokre primstavar var merket den dagen eit hjul, og i folketradisjonen vart hjulet stundom omtolka til eit rokkehjul. Somme stader vart dagen kalla «Kari med rokken».

30. november er andreasmess, til minne om apostelen Andreas. Han vart nagla til ein liggjande kross i år 60 i Patras i Sør-Hellas. Primstavmerket er mest alltid ein X-forma kross, ein andreaskross. Andreas var fiskar, så på nokre primstavar er merket ein fiskekrok. Den folkelege tolkinga var at då kunne julefisket byrja. Merket vart somme stader tolka som ei revesaks; revefellene kunne setjast ut.



Publisert 18. november 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2011 | Oppdatert:04.08.2021