Målform – målføre

Begge dei to orda i overskrifta gjeld språk, og det er viktig å halde dei frå kvarandre.

I norsk har vi «dei to offisielle målformene bokmål og nynorsk». Ei målform er ein skriftnormal, eit skriftspråk. Ei målform er såleis i moderne norsk noko anna enn eit målføre, som er det same som dialekt. Vi snakkar om «dei norske målføra» og «målføret i Sogn» eller meir lokalt: «målføret i Årdal», og det finst samansetningar som «målføregransking» og «målførekart».

I nynorsk kan målform òg brukast meir generelt om stil, språkleg utforming, språkform:  «ei klår målform». Målføring er det same som språkføring.

I talemål frå Trøndelag og nordover er målføre elles kjent i tydinga ’høg røyst’, ’sterkt mæle’, også om dyr: «tjelden var komen, og godt målføre hadde han» (kjelde: Norsk Ordbok band 8). 

 

Publisert 11. januar 2010

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter