Kynnarar

Kva kjem ordet kynnar av?

Aktuelt ord i april

Dei fleste barn blir fødde om våren, og fødselstoppen er i april, etter det Statistisk sentralbyrå  opplyser.

Men same når på året fødselen er, alle fødande kvinner opplever kva ordet kynnar inneber. Oftast er fleirtalsforma kynnarar (bokmål kynnere) brukt.

I Norsk Ordbok (Det Norske Samlaget 2007) står det:

kynnarar m pl [kanskje til norrønt kyng ’ri’; til II kyng, med påverknad frå II kynne] første, lette rier sist i svangerskapet

Hankjønnsordet kyng, som det er vist til over, er forklart bl.a. som ’noko som kjem porsjonsvis i hopar, byer, flager eller støytar’.

I målføra er kjynge kjent frå Valle og kjøng frå Rauland og Vinje i Telemark. Det norrøne kyngjum tydde ’rykkjevis’.

Eit kynne (kynni i norrønt) er definert som ’særmerke’.

 

Publisert 24. april 2009

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter