Kulturminne

Kva er eit «kulturminne»?

2009 er markeringsår for kulturminne, med vekt på kulturminna vi har rundt oss i kvardagen.

Eit kulturminne er eit minne frå eldre tid, frå ein eldre kultur. Det kan vere ein gjenstand eller eit spor av noko menneska har skapt, som eit hus, ein båt, eit industrianlegg eller ein gravhaug. Men kulturminne treng ikkje vere noko konkret, det kan òg vere noko ein hugsar om tinga ein har rundt seg. Det kallar vi gjerne immaterielle kulturminne. Stadnamna våre er immaterielle kulturminne. Vi har mange stadnamn av nokså ny dato, men òg namn som vi veit er ikring to tusen år gamle.

I samband med Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv har Språkrådet peikt på at samiske og kvenske stadnamn treng særskilt vern.

 

Publisert 13. mars 2009

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter