Kirgisistan

Kvifor skriv vi Kirgisistan på norsk og ikkje Kyrgyzstan, Kirgistan eller Kirgisia?

Når det sentralasiatiske landet Kirgisistan blir omtala i nyheitene, får vi av og til spørsmål om kvifor vi skriv Kirgisistan på norsk og tilsvarande på ein del andre språk, mens vi i andre språk òg finn former som Kyrgyzstan (engelsk), Kirgistan (polsk) eller Kirgisia (finsk).

Skrivemåten Kyrgyzstan er den transkriberte forma for kirgisisk Кыргызстан. Forma Kirgisistan er tilpassa norsk uttale, og når vi skriv med binde-i, får vi fram at første del av namnet er ‘kirgis’, ikkje ‘kirg’. Det å bruke binde-i her er også vanleg i dei tyrkiske og iranske språka i nabolanda: Kırgızistan (tyrkisk), Qırğızıstan (aserbajdsjansk), Gyrgyzystan (turkmensk), Qirg’iziston (usbekisk) og Қирғизистон (tadsjikisk, tilpassa transkripsjon: Qirghiziston).

Forma Kirgisia var i vanleg bruk på norsk den gongen landet var ein av republikkane i Sovjetunionen. På russisk bruker ein i dag dels Киргизия (Kirgizija), dels Кыргызстан (Kyrgyzstan).

Etterleddet -stan er opphavleg frå persisk og tyder ‘stad’. Det er ikkje tilfeldig at stad og -stan liknar; persisk og norsk er indoeuropeiske språk, og dei to orda har det same etymologiske opphavet. Kirgisisk høyrer til den tyrkiske språkfamilien, men mange språk i Sentral-Asia har lånt -stan og mange andre ord frå persisk.

 

Publisert 12. april 2010 | Oppdatert. 15. januar 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter