Kanon

Ein «kanon» kan vere fleire ulike ting.

Den kanonen vi kjenner best, er nok det tradisjonelle skytevåpenet. Ordet «kanon» i denne tydinga førekjem i samansetningar som «kanonkule» og «kanonbåt» og i nyare fenomen som «kanonball», «vasskanon» og «videokanon» (= videoprojektor) . Dette ordet har vi fått gjennom italiensk frå latin «canna», som tyder ’stort røyr’.

Det andre ordet «kanon» – uttalt med trykk på a-en – har vi derimot fått frå gresk ’målestong, rettesnor’. Det har fleire tydingar: Det kan vere dei skriftene i Bibelen som har vore rekna som ekte (dei blir gjerne kalla «kanoniske skrifter»). Det kan òg vere ein rundsong – ein fleirstemd song der alle stemmene har same melodi, men byrjar etter tur. Til dømes kan «Fader Jakob» syngjast som kanon. Ei tredje tyding er ei samling med dei litterære verka som er rekna som dei beste gjennom tidene. Det er nyleg laga ein ny «sakprosakanon» for skulen med tekster frå 1700-talet til i dag. Det er lagt vekt på at tekstene skal høve til bruk i klasserommet i norsk skule.

 

Publisert 31. august 2009

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter