Julestri/julestrid

Omtalar vi juleførebuingane i adventstida som julestrid eller julestri?

Dei fleste her nord vil nok meine at jula er eit kjærkome innslag på den mørkaste og kaldaste tida av året. Likevel omtalar vi stundom juleførebuingane i adventstida som noko vi strir med, nemleg som julestrid, eller var det julestri? Her har faktisk bokmåls- og nynorskrettskrivinga skilt lag, slik at julestria er bokmål, mens julestrida er nynorsk, sjølv om begge skrivemåtane i utgangspunktet representerer den same uttalen. (Sidan 2005 har dessutan julestrien vore jamstelt form på bokmål.)

Hokjønnsordet stria/strida har same opphav som striden, som er hannkjønn i begge målformene. Det kan verke rart at det kan ha hokjønn nettopp når det tyder ’hardt strev’, men samanliknar vi med norrønt, ser vi at stríð var inkjekjønnsord. Det at ord har skifta frå inkjekjønn til hokjønn, er ikkje uvanleg, noko vi òg har skrive om i det siste nummeret av Språknytt i samband med sjølve ordet jul. Grunnen til at inkjekjønnsord har vorte hokjønnsord, er at bunde fleirtal av mange inkjekjønnsord på norrønt har same form som bunde eintal av mange hokjønnsord, slik det også er på nynorsk. Det er ikkje vanskeleg å førestelle seg at juleførebuingane har vore oppfatta som ’strev i fleirtal’.

Skilnaden i bokmål mellom strid og stri synleggjer at ord som hadde ð på norrønt,  har fått ein ymsande lagnad i den noverande rettskrivinga. Vi kan altså skrive tida og stria/strida, sjølv om dei fleste norske dialektane ikkje har d-lyd i nokon av desse orda. I den noverande rettskrivinga for bokmål og nynorsk følgjer ein stort sett det same prinsippet for å ha med ein d eller ikkje i slike ord:  Dersom ordet også finst i dansk med d, skriv vi d på norsk (som i tid og det bokmålske bred); dersom ordet berre finst på norsk eller har andre særnorske drag, skriv vi det utan d (som i sau og brei).  Det er altså eit unntak når julestri/julestrid blir skrive ulikt på nynorsk og bokmål. Mens nynorskrettskrivinga viser sambandet mellom strida og striden, understrekar bokmålsrettskrivinga den vanlege uttalen av stria, som skil seg frå den skriftpåverka d-uttalen ein ofte får i striden.  

Jamvel om skrivemåten er ulik på bokmål og nynorsk, legg vi i alle fall det same i julestrid, om vi så har med ein d til slutt eller ikkje. Bokmålsordboka forklarer ordet som ’strev, travelhet før jul’, mens Nynorskordboka gjer greie for det som ’julesjau’. 

Lykke til med juleførebuingane!

 

Publisert 18. desember 2008

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter