Julestri

Dei fleste her nord vil nok meina at jula er eit kjærkome trivselinnslag på den mørkaste og kaldaste tida av året. Likevel omtalar vi stundom juleførebuingane i adventstida som noko vi strir med, nemleg som julestri, eller var det julestrid?

adventslysSkrivemåten julestri og julestria er no rett for begge målformene. Etter 2005 har dessutan julestrien vore jamstilt form med julestria på bokmål. På nynorsk kan ein med den nye 2012-rettskrivinga òg skriva jolestri og jolestria. Fram til 2012 var strid eineform på nynorsk.  

Hokjønnsordet stria har same opphav som striden, som er hankjønn i begge målformene. Det kan verka rart at ordet kan ha hokjønn når det tyder ’hardt strev’, men samanliknar vi med norrønt, ser vi at stríð var inkjekjønnsord. Det at ord har skifta frå inkjekjønn til hokjønn, er ikkje uvanleg. Grunnen til at inkjekjønnsord har vorte hokjønnsord, er at bunde fleirtal av mange inkjekjønnsord på norrønt har same form som bunde eintal av mange hokjønnsord, slik det også er på nynorsk. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at juleførebuingane har vore oppfatta som ’strev i fleirtal’.

Skilnaden mellom strid og stri synleggjer at ord som hadde ð på norrønt,  har fått ein ymsande lagnad. Vi kan skriva tida og stria, og dei fleste norske dialektane har ikkje d-lyd i nokon av desse orda. I rettskrivinga for bokmål og nynorsk følgjer ein no stort sett det same prinsippet for å ha med ein d eller ikkje i slike ord:  Dersom ordet også finst i dansk med d, skriv vi d på norsk (som i tid og det bokmålske bred); dersom ordet berre finst på norsk eller har andre særnorske drag, skriv vi det utan d (som i sau og brei).

Bokmålsordboka forklarer julestri som ’strev, travelhet før jul’, mens Nynorskordboka gjer greie for det som ’julesjau’.

Lukke til med juleførebuingane!

Foto: Per Ola Wiberg

 

Publisert 10. desember 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter