«Islamisering» og «islamofobi»

Heiter det islamisere eller islamifisere? Og heiter det islamofobi eller islamfobi?

Blir samfunnet vårt islamisert? Eller er dei som hevdar dette, islamofobe? Dette er spørsmål som andre enn Språkrådet må svara på, men vi kan seia noko om skrivemåten av desse orda.

Ein del er usikre på om det heiter islamisere eller islamifisere. I ordbøkene ser vi at det berre er islamisere som står oppført. Vi kjenner med det same att førstedelen av ordet – islam – som kjem frå arabisk. Etterfestet -isere derimot kjem i utgangspunktet frå gresk -izein, som på latin blei til -izare. Typisk nok finn vi derfor -isere  i verb som har ei opphavleg gresk ordstamme – som i tyrannisere, karakterisere, idyllisere. I dag er -isere blitt eit mykje produktivt etterfeste som kan setjast saman med ordstammer av ulikt opphav. Ofte vil verb med -isere vera følgde av eit substantiv med -isme, som i amerikanisere og amerikanisme eller islamisere og islamisme. Samanhengen mellom desse etterfesta kan igjen sporast tilbake til gresk.

Jamvel om islamifisere ikkje står i ordbøkene, har vi ein del andre ord som endar på -(i)fisere: kvantifisere, verifisere. Førstedelen i desse orda kjem frå latin og har òg fått med seg -(i)fisere  derifrå. .

Kva så med islamofobi? Dette ordet står ikkje oppført i Bokmålsordboka eller Nynorskordboka, men ordet er openbert danna etter mønster frå andre fobiar, som aerofobi og xenofobi. Desse orda er også rein gresk, og på gresk dukkar det gjerne opp ein binde-o i slike samansetjingar. Sjølv om islam ikkje er eit gresk ord, har det altså blitt naturleg å ha med denne bindevokalen når vi talar om nye «fobiar» og dei som lir av  dei, som i islamofob  eller islamofobisk.  Det same ser vi i andre ord med greske etterfeste, til dømes islamologi og islamolog.

På norsk ser vi også stundom skrivemåten islamfobi, utan binde-o. I og med at både islam og fobi er sjølvstendige ord på norsk, skulle det i utgangspunktet ikkje vera noko i vegen for denne samansetjinga, som er danna etter vanlege orddanningsreglar. Likevel verkar det naturlegast å ha med o-en i islamofobisk og særleg i islamofob, noko som talar for å skriva islamofobi òg.

 

Publisert 2. mars 2009 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter