«Influensa»

Kva har planetane og stjernene med influensaen å gjera?

Den pandemiske svineinfluensaen er komen til Noreg, og mange av oss kjem truleg til å måtta halda senga på grunn av han i løpet av dei neste månadene.

Virus vart ikkje påviste før i 1898. Men lenge før ein visste kva som gjorde folk influensasjuke, har ein freista å forklara opphavet til sjukdomen. Her ligg òg nøkkelen til namnet sjukdomen har fått. I eldre tider trudde dei at helsetilstanden til menneska vart påverka av himmelkroppane, dvs. planetane og stjernene. Ordet influensa heng saman med italiensk influènza og latin influentia, som begge tyder ’innverknad’. Det latinske ordet er ei avleiing av verbet īnfluō, som direkte omsett tyder ’flyta/strøyma inn’, ikkje ulikt bokmålsordet innflytelse. Med andre ord var det innflytelsen frå stjernene og planetane som ifølgje folketrua gjorde folk sjuke.

Ordet influensa er altså eit lånord i norsk. Det er ikkje uvanleg at lånord blir tilpassa språket dei blir lånte inn i. Det same har hendt med dette ordet. I Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket finn vi mange variantar av ordet. Her følgjer nokre døme: Frå Klæbu (Sør-Trøndelag) finn vi innflæns, frå Valdres innfluense og innfruense, frå Modum (Buskerud) innfelennsa og frå Stor-Elvdal (Østerdalen) florensa. Frå Vestlandet finn vi flunse og flonse.

 

Publisert 3. august 2009

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter