Skurdtreskjar (og tungrock)

Mangstad gulnar no åkrane mot hausten. Grøda er stor, men onnefolka få, heiter det, men i vår tid er ikkje det eit like stort problem – takk vere skurdtreskjaren.

I nokre hektiske veker med skurdonn kan vi ute i bygdene høyra den jamne duren frå treskjemetallet som i éin operasjon både skjer, treskjer og reinskar kornet. Dei to prosessane skurd og tresking går i hovudsak føre seg ved hjelp av skjerebordet og treskjeverket (treskjeapparatet). Uttrykket gå som eit treskjeverk om å gå ujamt og støyande stammar frå den tida treskjeverket var ein sjølvstendig maskin som stod og laga mykje bråk.

Skurd (norrønt skurðr) har samanheng med verbet skjera, og i tillegg til tydinga ’det å skjera’ brukar vi det om ’noko som er skori’, som i treskurd, og ’stad der det er skori’, t.d. skurden på geværsiktet. Vi finn det òg i skurdtømmer, tømmer som kan skjerast til bord, til skilnad får sliptømmer, som blir slipa til tremasse. På ein moderne skurdtreskjar grip den roterande vinda eller haspelen tak i kornaksa, som blir skorne av ved hjelp av knivstonga på skjerebordet, og så blir dei førte vidare inn i treskjaren gjennom treskjeverket, halmristarane og reinseverket.

Treskja (norrønt þreskja) er det å skilja kornet eller frøet frå resten av loa (agner og halm). Eit anna verb som har hatt nokolunde same tydinga, er drøfta, som har gått frå å ha tydinga ’reinsa korn ved å rista slik at agner og rusk fell ut’ til òg å ha tydingane ’ordskiftast om; granska’. Det engelske thrash/thresh, som er det same som vårt treskja, har i tillegg tydinga ’slå, dengja laus’, som var den måten ein treskte på tidlegare. Denne tydinga finn vi att i musikksjangernemninga thrash metal, som følgjeleg er ein noko annleis type treskjemetall. 


Publisert 9. august 2010 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter