IS – Den islamske staten

Skriv IS, ikkje ISIS eller ISIL.

Terrororganisasjonen Den islamske staten (IS) har vore kjend under fleire namn. Fram til juni 2014 kalla organisasjonen seg Den islamske staten i Irak og al-Sham, som ofte blei forkorta ISIS. Ei anna forkorting, ISIL, var også ein del brukt. L-en i ISIL står for Levanten, som er éi av fleire moglege omsetjingar av arabisk al-Sham. Det historiske omgrepet Levanten omfattar heile eller delar av Irak, Syria, Jordan, Israel, Palestina, Libanon, Kypros og Tyrkia.

Nokre meiner at ein i staden for IS, ISIS eller ISIL bør bruke namnet Daesh. Dette er eit akronym danna av det arabiske namnet på organisasjonen, men har også negative konnotasjonar og signaliserer såleis at ein tar klar avstand frå han. I Noreg har ikkje dette namnet fått særleg stor utbreiing.

Både her til lands og elles i vår del av verda har dei fleste myndigheiter og media nå landa på nemninga Den islamske staten, forkorta IS. Sjølv om namnet inneheld ordet stat, signaliserer ein ikkje støtte til organisasjonens mål om å etablere ei statsdanning om ein seier eller skriv IS. Eit beslekta eksempel er at dei fleste i si tid brukte nemninga DDR om Aust-Tyskland, utan at ein dermed nødvendigvis gjekk god for den typen «demokrati» som blei praktisert der.

Du kan lese meir om IS og om omgrepet Levanten i Store norske leksikon.

 

Publisert 11. desember 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.12.2014 | Oppdatert:04.08.2021