Higgspartikkel

I byrjinga av juli kom stadfestinga som fysikarar har venta på i fleire tiår. Den såkalla higgspartikkelen finst! Men kva tyder ordet?

Tidlegare har vitskapsfolk rekna med at higgspartiklane har eksistert som ein føresetnad for masse i universet, men før no har dei ikkje kunna påvise det.

Termen er bygd opp av to delar, higgs og partikkel. Partikkel kjem av det latinske particula, eit minskingsord av pars, som tyder del. Førstelekken, higgs, kjem av Peter Higgs, ein britisk vitskapsmann som sette fram det teoretiske grunnlaget for denne partikkelen i 1964. Termen er difor det språkvitarar kallar for eponym, eit slags oppkallingsnamn.

Partikkelen vert også kalla Higgs-boson. Dette er eit dobbelt eponym. Eit boson er ein type partikkel og har fått namn etter den indiske fysikaren Satyendra Nath Bose. Oppkallinga heidrar oppdagingane han gjorde i samband med utviklinga av kvantemekanikken i 1920-åra.

Det er ikkje uvanleg å bruke eponym i termdanning. Vi kjenner dei att i mange fagfelt, som t.d. wankelmotor (motorindustri), Phillips kurve (økonomi), Alzheimers sjukdom (medisin), Halleys komet (astronomi), Moores lov (it), thortveititt (mineralogi, etter nordmannen Olaus Thortveit) og gallup (samfunnsfag).

Legg merke til at vi nyttar liten bokstav ved samanskriving og stor førstebokstav i personnamnet når vi nyttar bindestrek. Vi kan altså skrive higgspartikkel eller Higgs-partikkel.

 

Publisert: 6. juli 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter