«Heile fjøla»

Kva slags fjøl er det snakk om når ein seier over heile fjøla?

Vi seier gjerne at noko kjem rekande på ei fjøl når ting berre dukkar opp utan at ein veit kvar dei kjem ifrå. Men kva slags fjøl er det snakk om når ein seier over heile fjøla?

I dette uttrykket er det nok eit heilt anna ord som er brukt, nemleg ei fjøld, som er det same som ei mengd, ein flokk. Heile fjølda blir då alle saman eller folk flest. Avisene bruker gjerne formuleringar som utgiftene veks over heile fjøla, det vil seie overalt, hos alle. Då er det eigentleg fjølda vi har å gjere med.

 

Publisert 3. november 2008

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter