«Goodie bag med giveaways» eller «godtepose med smågåver»?

Kva er ein «goodie bag med giveaways», og korleis kan vi uttrykkje dette på norsk?

Vi har  kanskje møtt fenomenet ved semesterstart på universitet og høgskolar, på seminar med bedrifta eller i andre samanhengar. Nokon ønskjer å gi deg ein pose med ulike småting, oftast reklameartiklar. På engelsk kallar ein gjerne denne posen ein gir bort, for goodie bag, mens det som er oppi, ofte får namnet giveaway(s). Har vi gode avløysarord for dette på norsk? I Språkrådet meiner vi at vi har det, og at dette til og med er eit døme på at det kanskje er det engelske ordet som må sjåast på som eit avløysarord.

Det engelske goodie bag tyder i røynda ikkje noko anna enn det norske godtepose, og da meiner vi at det ikkje er nokon grunn til å erstatte det norske ordet. Men det er da slett ikkje alltid godter i desse reklameposane? Nei, men det er det ikkje hos dei engelsktalande heller. Når engelsktalande har begynt å putte fleire ting enn godter i godteposane sine, er det snakk om kreativ og leikande språkbruk. Dersom vi brukar goodie bag på norsk utan å tenkje på at det eigentleg tyder ’godtepose’, forsvinn i grunnen heile den biletlege språkbruken, og vi avslører at vi ikkje heilt har skjøna kva som ligg i ordbruken på engelsk. For reklamefolk er det ofte eit poeng å unngå bruken av ordet reklame i reklameframstøytar.  Og dersom goodie bag på norsk berre blir bruka i tydinga ’pose med reklameprodukt’, er også dette verkemidlet forsvunne.

Noko av det same kan seiast om amerikanismen giveaway. Dette ordet blir bruka i litt ulike samanhengar, men som regel tyder det gåve. Gåve- kan også brukast som framledd i samansetjingar, men her ser vi at somme i forretningslivet har begynt å bruke gibort-, som i gibortpris. Denne siste ordforma er ikkje i samsvar med tradisjonelt orddanningsmønster på norsk, men det same kan seiast om det amerikanske giveaway og tradisjonen i engelsk.

Dersom vi synest det blir vel storslått å kalle etter måten små reklameartiklar for gåver, kan vi sjølvsagt tenkje på andre seiemåtar. Vi kan gjere det meir smålåte ved å kalle det smågåver, eller vi kan tenkje oss samansetjingar med gåve-, som gåveartiklar eller for så vidt gibortartiklar. Ein slik pose med gåver kunne sjølvsagt omtalast meir nøkternt som ein gåvepose, men da mistar ein også metaforbruken som ligg i godtepose.

I somme tilfelle kan vi kjenne det nødvendig å låne ord frå engelsk eller andre språk, andre gonger må vi leggje hovudet i blòt for å kome fram til gode avløysarord, men vi må ikkje gløyme at vi også ofte alt har godt brukande ord på norsk.

 

Publisert 27. januar 09

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter