Gild og ugild, habil og inhabil

Når det kjem rettssaker som avisene skriv om, støyter ein ofte på ord som habil og inhabil i avisene. Sjeldnare ser ein dei gamle norske orda gild og ugild nytta om det same.

Mange av dei som no er litt oppe i åra, særleg folk med eit målføre frå Vestlandet, er vane med å nytte gild om det som er retteleg fint: «Det var gildt å sjå deg», «han er ein gild kar» osb. (I dag seier mange yngre vestlendingar kjekt i staden, med same tydinga som gildt.) Men gild har frå gammalt òg ei heilt anna, juridisk tyding. Det vil seie: Det er helst motsetninga, ugild, som er kjend i dag. Som juridisk fagterm kan ugild tyde det same som inhabil og viser da til det at ein ikkje kan vere med og avgjere ei sak fordi ein har personleg interesse i saka eller tilknyting til ho. Denne bruken finst også i bokmålstradisjonen.

Når det derimot er tale om gild, oppfattar altså ikkje folk flest dette ordet som noko juridisk omgrep.  Gild i tydinga 'habil' – altså om den som ikkje er personleg involvert i saka og derfor kan vere med og avgjere – støyter ein i dag svært sjeldan på, men ein slik bruk var noko meir vanleg tidlegare. Også fullgild har forresten vore nytta i juridisk språk på nynorsk heilt sidan 1800-talet, men med noko skiftande innhald.

Adjektivet gild heng saman med både gyldig, gjeld (substantiv), gjelde (= vere gyldig) og tysk Geld (= pengar). Det gammalnorske ordet for betale var gjalda. På gammalnorsk kunne gildr tyde både 'som har ein viss verdi', 'som er verdsett til', 'som blir bøtt med', 'som gjeld som betalingsmiddel', ’gild, god, dugande' og 'gild, glad, hugsam'. På den andre sida tydde úgildr på gammalnorsk ’som ein ikkje skal bøte for (i tilfelle skade eller drap)’ eller ’ikkje god’. Opphavet er altså både dramatisk og prosaisk nok – det gjaldt bøter for brotsverk.

Det ser ut til at den moderne juridiske tydinga av ugild har gått vegen innom ei tyding ’(ærelaus) person, som ikkje har rett til å vitne saman med gode menn’. Den som det ikkje skulle bøtast for om han blei drepen, hadde nettopp mista æra. Seinare blei så dette overført til å gjelde alle som er involverte på ein slik måte at det ville vore ærelaust å leggje utsegnene deira til grunn i rettslege avgjerder der dei kunne påverke utfallet.

Det juridiske ugild har altså ei sterkare stilling i tradisjonen enn gild i tydinga ’juridisk habil’. Dette gjeld i bokmål òg. Forklaringa kan vere at dei to orda har gått skilde vegar fram til vår tid. Ikkje berre har tydinga av ugild truleg teke ein spesiell sving, jamfør ovanfor. I tillegg var det jo berre når nokon kunne vere ugild, at ein trong drøfte saka og ta stilling til spørsmålet. Juridisk gildskap trong ein ikkje vurdere, og derfor var ugild det ordet ein hadde mest bruk for. Også ordet inhabil er nok nytta mykje meir enn motstykket habil i juridisk tyding.  Dessutan kan det vel vere at gild har vore eit så vanleg ord i den meir generelle tydinga ’retteleg fin, flott’ osb. at dette kan ha svekt den juridiske bruken.

Ordet habil kjem for sin del frå latin habilis, med tydinga ’hendig, grei, passande, veleigna, dyktig’, mens inhabil, av inhabilis, frå gammalt tydde ’inkompetent, uskikka, ueigna’ (visstnok tidleg nytta om ein som ikkje kunne ha eit kyrkjeleg embete). I dag tyder habil oftast berre ’svært dyktig’. Det kan sjå ut til at både habil og inhabil har fått dei moderne juridiske tydingane sine for ikkje så svært lenge sidan, kanskje på 1700- og 1800-talet.

 

Publisert: 9. november 2010

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter