Flaum

«Flaumen går,
i Norig er vår,
bjørka sprett i dalom.»

Då Ivar Mortensson-Egnund skreiv «Døla-Visa» i 1906, var flaum (bokmål: flom) eit vår- og sommarteikn, som no. Smeltande snø og is og kortvarig, kraftig regn skaper store og raske flaumar i vassdraga. Men hauststormar og springflod er òg årsak til flaumar.

Ordet flaum er definert slik i Nynorskordboka:

1 vasstand over normalt i vassdrag (eller sjø); stor vassføring; overfløyming
2 ovmengd; straum – «ein flaum av råskap»
3 flog, driv, flukt; – «eit dikt med flaum»

Det norrøne ordet var «flaumr», det heng saman med verbet «flyta»:

1 halda seg oppå ei væske, ikkje søkka eller stå fast
i overført tyding: greia seg; balansera 

På dansk og svensk er nemningar for flaum «flom» og «flöde», og på tysk og engelsk «Flut» og «flood». 

Statistiske sannsyn viser til at ein 100-årsflaum er rekna som den største flaumen ein kan venta i snitt kvart hundrede år. Det vil i praksis seia at ein ser det som 1 prosent truleg at ein så stor flaum kan koma eit bestemt år. På same måte er ein femårsflaum storleiken på ein flaum som statistisk sett berre oppstår kvart femte år, eller at det er 20 prosent truleg at han oppstår i eit år. Desse tala blir ofte brukte i samband med byggjeløyve, miljøregulering og forsikringssaker.

Eit ord som ikkje er kome inn i ordbøkene enno, men som er brukt av journalistar og Noregs vassdrags- og energidirektorat, er «styrtflaum» (engelsk «flash flood»). Kanskje er det ei nemning for vår tid for denne strofa frå Døla-Visa:

«Sjå kor det losnar i alle lidom, skrida fer etter bergesidom.»

Og for Ibsens Peer Gynt: «en vår blev alting revet bort af flommen».

 

Publisert 30. mai 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter