Fiskesprett og ølrøyk

Sommaren er ei tid da fleire enn elles kjem i kontakt med naturen – dyr og planter, vind og vêr.

Mange ting og fenomen har meir enn eitt namn i norsk. Det gjeld ikkje minst dyre- og planteslag. At «hyse» og «kolje» er same fisken, veit dei fleste. Bjørnen heiter «bjørn» over heile landet, mens det finst det fleire nemningar for ulven, og dei har til dels vore karakteristiske for visse strøk: «gråbein», «skrubb» og «varg». Treslaget «or» heiter «older» mange stader i landet. Olderdalen i Troms har namnet sitt etter dette treet. To andre ord for «blokkebær» er «mikkelsbær» og «skinntryte». «Brisk», «brake» og «bruse» er nokre av dei mange namna som eineren har. Alt dette er døme på ordgeografi, som går ut på å kartleggje korleis orda varierer i dialektane. Mange dialektord går i gløymeboka, andre lever vidare.

Ein populær aktivitet om sommaren er å kaste ein flat stein bortover vatnet så han sprett – så mange gonger som mogleg. Det er mange uttrykksmåtar for dette, som å «kaste fiskesprett» eller berre «fiskesprett», å «kaste flyndre», «hive flyndre», «skingle» og «slå smutt».

Det faste samtaleemnet vêret kan det spinnast mykje på. Er vêret godt og varmt, blir det ofte «varmedis» eller «soldis». Ordet «moe» er brukt om det same, også i «godversmoe» og «ølmoe». Ordet «øl» kan i seg sjølv brukast om varmedis, men her gjeld det ikkje drikken øl, men eit heilt anna ord (som «å få ølen i seg», kroppsvarme). «Ølrøyk» og «landrøyk» er andre ord for varmedis.

«Kornmo» er eit anna vêrfenomen om sommaren. Det vil seie at ein ser lysninga frå eit lyn, men ikkje høyrer tora fordi lynet er for langt borte. Eit anna ord for dette fenomenet er «vêrbrest».

 


Publisert 20. juli 2010 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter