Feitetysdag og oskeonsdag

No image

Jula varer som kjent ikkje heilt til påske. Etter å ha lagt feitetysdag bak oss går vi no inn i fasta.

Onsdag blir kalla oskeonsdag. Han innleier fastetida, som varer til og med påskeaftan. Påbodet om å halda seg heilt eller delvis frå mat og drikke vart tidlegare teke både bokstavleg og alvorleg også her til lands. I vår tid er fasta først og fremst ei tid for samling og stille, som førebuing til påskehøgtida, men i m.a. den katolske kyrkja står praktiseringa av fasta framleis sterkt.

Namnet oskeonsdag stammar frå uttrykket «i sekk og oske». Uttrykket er kjent frå Bibelen. Det er fortalt om angrande menneske som kledde seg i sekker og strøydde oske over hovudet som teikn på sorg over seg sjølv.

Siste dagen før fasta, feitetysdag, skulle folk ha kraftig kost. Mange stader i landet er det framleis skikk å eta saltkjøt og flesk då. Også andre namn viser at dette var ein matvenleg dag: smørtysdag, grauttysdag og kvitetysdag. Den siste nemninga trur ein heng saman med skikken med å eta mjølkemat, egg og mjølmat, som fastelavnsbollar, som ein overgang til dei magre fastedagane. Nemninga sjumålsdagen om feitetysdag viser at det òg var viktig med mange måltid før fasta sette inn.

I mange katolske land er det franske Mardi Gras, av mardi ‘tysdag’ og gras ‘feit’, namnet på den siste dagen før fastetida. Mardi Gras blir mange stader feira med karnevalsopptog og andre festinnslag som kan vara i dagevis og nå høgdepunktet på tysdagen. Stader der slike karneval har vorte ein omfattande folkefest og turistattraksjon, er t.d. New Orleans, men òg Rio de Janeiro og Venezia.

I engelsk tradisjon er namnet for feitetysdag Shrove Tuesday eller det meir kvardagslege Pancake Day. Shrove er preteritum av verbet shrive, ‘skrifta’. Og nederlandsk har vastenavond, eigentleg ‘fastekveld’. Det nærskylde lågtyske ordet vastelavent med same tyding ligg til grunn for vårt fastelavn.

 

Publisert: 8. mars 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter