Ebola

No image

Raudekrossen melde denne veka om at sjukdommen ebola, som nyleg braut ut aust i Den demokratiske republikken Kongo, trugar med å spreie seg til fleire område og til naboland som Uganda og Rwanda.

Ebolaviruset smittar gjennom blod og andre kroppsvæsker, og smittefaren er særleg stor når ein skal handtere personar som har døydd av sjukdommen. Førebyggjande arbeid er vanskeleg på grunn av den militære konflikten i Aust-Kongo.

Ebola er det franske namnet på ei sideelv av Kongoelva. På det lokale språket ngbandi heiter elva Legbala, og Ebola er visstnok ei forvrenging av Legbala, som tyder ‘kvitt vatn’. Elvenamnet Ebola skriv vi med stor forbokstav, men sjukdommen må skrivast ebola med liten forbokstav til liks med andre sjukdomsnemningar.

Samansetningar som ebolavirus, ebolautbrot og ebolasmitte skriv vi utan bindestrek, slik hovudregelen er for samansette ord i norsk.

Uttalen av ebola varierer noko, men trykket ligg oftast på første stavinga (ebola).

 

Publisert 26. oktober 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter