Det er pollen i lufta

No image

Or og hassel blomstrar i Sør-Noreg no som det har blitt mildare, så hugs å ta allergipillene dine, eller ’dei små kulene med ein annan verknad’, skal vi tru etymologien.

Pollen er latin og tyder ’fint mjøl, støv’. Allergi kjem av gresk allos ’annan’ og ergon ’verknad’ og pille av latin pilula ’lita kule’. Alternativt kan ein ta ein tablett, av fransk ’lita plate’, eller ein mikstur, av latin mixtus, som er perfektum partisipp av miscere ’blande’.

Pillene, tablettane og miksturane inneheld stoffet antihistamin, som motverkar histamin ved allergiske lidingar. Histamin har vi frå gresk histos ’vev’ og amin, som er ei kortform av ammoniakk med endinga -in, jamfør det latinske adjektivet ammoniacus. Ammoniakk kjem av det latinske namnet på salmiakk, sal ammoniacum, avleidd av det greske namnet på den egyptiske guden Amon, fordi det ammoniakkhaldige saltet blei utvunne ved orakeloasen hans.

På heimesidene til Norges Astma- og Allergiforbund står det: «De pollentypene som har størst betydning ved allergi i Norden, kommer fra tresortene bjørk, or og hassel, fra forskjellig type gress og fra ugressplanten burot. Dette er vindbestøvede planter med lette pollen som kan drive langt med vinden. I tillegg kommer pollen fra Salix (selje*, pil og vier). Pollen fra Salix spres hovedsakelig med insekter, ved store mengder også med vinden. Pollenallergi skyldes at man reagerer allergisk på visse proteiner som finnes i noen pollentyper.»

*Selje (norrønt selja) er i slekt med salix, som er latin for ’piletre’, og som òg har gitt oss nydanninga salisyl, som i salisylsyre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter