Budsjett

No image

For mange er hausten ei tid for planlegging av det komande året, ikkje minst med tanke på økonomien. Korleis står inntekter og utgifter jamførte med kvarandre? Kva har me råd til i året som kjem?

Statsbudsjettet angår oss alle i så måte, men kvar kjem eigentleg ordet budsjett frå?

Ordbøkene opplyser om at ordet kjem frå fransk, mens det kan sjå ut til at engelskmennene har justert stavemåten, budget, både for moderne fransk og engelsk. Opphavleg ligg det gammalfranske bougette til grunn. Tydinga er 'petite bourse', dvs. 'liten (penge)pung'.

Bougette skal vera diminutivform (forminskingsform) av eit substantiv boug(e), på same måte som lampett, sigarett og kassett er diminutivformer til lampe, sigar og kasse.

Både svensk og dansk held på forma budget. Tysk bruker både Haushalt og Budget, spansk har presupuesto.

I norsk vart ordet skrive budgett fram til rettskrivingsreforma i 1938. Då fekk ei stor gruppe  framandord skrivemåten regulert meir i samsvar med uttalen.

Definisjonen er ’samla overslag over inntekter og utgifter som ein ventar seg i ein periode’.

 

Publisert 10. oktober 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter