Bok og bokstav

Blada på bøketreet spring ut no i mai. Bøken finst viltveksande i Vestfold, men trivst også godt i andre område her i landet. Han kom hit for om lag 2000 år sidan og spreier seg framleis. I Sør-Sverige og Danmark og i Mellom-Europa er han eit svært vanleg lauvtre. Treet har mange bruksområde.

Ordet bøk har også forma bok i norsk, t.d. i ei samansetning som bokenøtterbøkenøtter. Vårt vanlege ord bok (ei bok – fleire bøker) er eigentleg same ordet som bøk, med den opphavlege tydinga ’tavle av bøketre med runer på’ (Nynorskordboka). I eldre tid skreiv – eller rista – dei runer på tavler eller plater av bøk, og sjølve tavlene fekk namn etter materialet.

Runeteikna vart skrivne med stavar, dvs. loddrette strekar. Då dei latinske skriftteikna kom i bruk og gradvis tok over for runene, vart dei òg kalla stavar – ”bok-stavar” fordi dei vart skrivne på bøkeplater.

Ordet bøk heiter bøg på dansk, bok på svensk og beyki på islandsk. Kjelde: nettordboka islex.no. Ordet bokstav heiter bokstav på svensk, bogstav på dansk og bókstafur på islandsk.

 

Publisert 24. mai 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter