Blå-blå eller raud-grøn?

Politikk er ikkje berre kjedeleg og grått, men kan også vere spanande og fargerikt, i alle fall om ein ser på nemningane på ulike regjeringssamarbeid. Dei raud-grøne er ute, og det har vore snakk om m.a. ei blå-blå regjering.

Denne bruken av fargekombinasjonar for å gje namn på regjeringssamarbeid er av nyare dato i norsk. Eit søk i avisdatabasen Retriever viser at ein på 1980-talet nytta adjektivet raudgrøn om Sosialistisk Venstreparti, men då synte grønfargen til den nye miljøprofilen til partiet, altså eit sosialistisk miljøparti. Seinare fekk denne fargesamansetjinga ei ny tyding. Då stod grønt for sentrumspartiet Senterpartiet, medan raudt svara til Arbeidarpartiet og SV. Adjektivet raud-grøn vart såleis nytta om eit samarbeid mellom desse partia, og i 2005 fann partia med fargar frå kvar side av fargehjulet saman i eit regjeringssamarbeid som har vart fram til i dag.

På borgarleg side kom nemninga blå-grøn i bruk langt seinare og har vorte nytta hovudsakleg om samarbeid mellom sentrumspartia og Høgre. I nokre få tilfelle vert også grøn-blå nytta med same tyding. I valkampen som nett er over, vart blå-grønt nytta som eit alternativ til blå-blått regjeringssamarbeid. Fargekombinasjonen gul-grøn har i nokre samanhengar vorte nytta om samarbeid mellom Kristeleg Folkeparti og Venstre, medan blå-gul har vorte nytta om Høgre og Kristeleg Folkeparti.         

Nemninga blå-blå er av seinare dato og vart nytta i norske avistekstar først i 2007. Blåfargen vert nytta om både Høgre og Framstegspartiet, og ein får dermed ei gjentaking av adjektivet blå. Slike språklege gjentakingar kallar språkvitarar gjerne for reduplikasjon, noko som er ganske sjeldsynt i norsk. Nemninga mørkeblå har også vorte nytta, men den er neppe heilt nøytral.

Reint språkleg kan ei slik samansetjing av to fargeadjektiv som i raud-grøn og blå-grøn oppfattast på to måtar: som at det er like mykje av kvar farge, eller at det er to nyansar av grønt, raudleg grøn og blåleg grøn, der grønt er hovudfargen. I det politiske landskapet er det nok tenkt på jamvekt mellom fargane (som i svart-kvitt). Dermed vil det etter vanlege skrivereglar vere rettast å skrive slik: raud-grøn, blå-grøn og blå-blå, jamvel om ein ofte sløyfar bindestreken i avistekstar og elles. Dette gjeld særleg godt innarbeidde samansetjingar med sideordna ledd, som t.d. sursøt.

I Sverige har dei nytta slike fargekombinasjonar om partisamarbeid lenge, og vi kjenner att adjektivet rödgrön i det parlamentariske samarbeidet mellom Socialdemokraterna, Vänsterpartiet og Miljöpartiet. Slik fargebruk vert også nytta i Tyskland, og her kjem det dominerande partiet ofte først i fargesamansetjingar. Der har ein t.d. nytta schwarz-rot, svart-raud, om koalisjonen mellom det kristeleg-demokratiske CDU og det sosialdemokratiske partiet SPD. Ein finn også partisamarbeid som går over fleire partifargar, t.d. schwarz-gelb-grün, svart-gul-grøn. På grunn av dei ulike fargane får slike samarbeid ofte namn som trafikklys-koalisjon (raud-gul-grøn) og Jamaica-koalisjon (svart-gul-grøn), som kjem av fargane til flagget til det karibiske landet.

No står det att å bestemme kva palett ein skal nytte for å måle det nye regjeringssamarbeidet vi får i Noreg.

 

Publisert: 13. september 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter