Båstenking

Når sommaren er over, er det tid for å få husdyra frå beite og inn i fjøs og stall. Kyr og oksar blir gjerne bundne fast på kvar sin bås, og dei blir fôra der dei står. Kalvane er det vanleg å ha i bingar. Ein bås er nettopp ’plass for fastbunde husdyr i eit fjøs’ (Nynorskordboka). Bås er eit ord som fanst alt i norrønt, og det er òg brukt i svensk, dansk og islandsk (bás).

Ku

Å bli plassert eller sett i bås blir oppfatta som noko negativt når det er menneske det gjeld. Vi mislikar at andre plasserer oss i visse grupper ut frå politiske standpunkt, livssyn e.l. når vi meiner at vurderinga er unyansert. Ingen likar å bli stempla som noko anna enn det ein er. Til å setje ord på ein slik ganske vanleg situasjon i menneskeleg samvær har vi henta eit bilete frå arbeidslivet, frå husdyrstell.
 
Alf Prøysen brukte uttrykket i eit intervju: «Jeg er ikke Hedemarkens dikter, jeg synger om mennesker og vil ikke plassere dem i bås. Ikke fortell meg at folk i dalen er slik, i byen sånn (...) Det er første skritt på veien til ufred.»
 
Båstenking, båsmentalitet og båssetjing er ord som har vore brukte i samfunnsdebatten frå 1960-åra av ut frå eit kritisk blikk på debattformer. Det ser ein av søk i store tekstsamlingar som dei Nasjonalbiblioteket har på nettsidene. Nyord er svært ofte samansetningar av velkjende norske ord.

Og krøtera, korleis ser dei på det å komme frå innmark og utmark og bli bundne fast på båsen? Dersom dyra jamt over får godt stell og blir handterte vennleg, ser det ut til at dei aksepterer det greitt. I landbruket er det elles no meir og meir lausdrift, slik at kyr og kalvar går fritt inne i eit større fjøsrom.

 

Publisert 5. september 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter