«Bankerott»

Råtten benk i bank som er bankerott
Roten benk i bank som er bankerott

Råtten og roten er dei einaste orda som skil setningane i overskrifta. Men kvifor heiter det da ikkje bankerått på bokmål og bankerot på nynorsk?  Jo, av di bankerott har opphav i italiensk banco rotto. Opphavleg tydde banco berre ’benk’, men på benken vart det etter kvart òg veksla pengar, og derfor tyder banco også ’bank’.

Rotto liknar på dei norske orda råtten og roten, og da er det ikkje urimeleg å tru at rotto tyder det same. Men italiensk har ikkje noko ord som tyder ’roten’ og liknar på rotto, så rotto har nok ikkje noko med roten å gjera.

Men eit anna italiensk ord rotto finst altså. Det er perfektum partisipp av verbet rompere, som tyder ’bryta’, ’brekka’, ’knekkja’, ’knusa’, ’riva i sund’, ’bryta i sund’. Rompere liknar mykje på vårt ord kor-rumpere, som er eit lån frå latin cor-rumpere. Adjektivet korrupt kjem av latin cor-ruptus, som er perfektum partisipp av det same verbet. Det tilsvarande italienske ordet er cor-rotto. Det  siste leddet i det er det same som rotto i banco rotto, som eigenleg tyder ’sundslått benk’, altså ikkje ’roten’.     

Det usamansette ordet benk har to tydingar på norsk. Når nokon t.d. seier «det ligg på benken», kan ein ikkje av berre det ein høyrer, vita om det ligg på hagebenken, høvelbenken eller kjøkkenbenken. På dei to siste sit ein ikkje. I banco rotto er det ikkje ein benk ein sit på, som er meint, for uttrykket banco rotto kjem av at folk som hadde pengar til gode hos pengevekslarar, hadde lov til å slå sund vekslardiskane deira om dei ikkje fekk ut pengane sine.

At bankerott opphavleg er italiensk, kjem av at italienarane var tidleg ute med avansert pengestell. Men det var nok mest dei italienarane som budde i Lombardia. Eit teikn på det er at det i London er ei gate som heiter Lombard Street. Det er ei viktig bankgate. Og i norske ordbøker står substantivet lombard, som tyder ’handpant’, lombardbank, lombardlån, lombardrente, og dessutan verbet å lombardera ’ta opp lån mot handfast pant’.

Om rotto kjem frå italiensk, så kjem banco opphavleg frå det germanske målet langobardisk. Desse langskjeggane (det er det namnet langobardi tyder, og Langobardia, som seinare vart Lombardia, har fått namn etter dei) invaderte  Nord-Italia i 568 e.kr.. Legg merke til at langobardane hadde bardar og ikkje bartar. No er det berre kvalar som har bardar, me andre har bartar. Det ordet er lånt frå tysk, der det dessutan tyder ’skjegg’, ikkje ’bart’. 

 

Publisert 2. oktober 2008

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter