Aprilsnarr og maikatt

Å narre april er det mange som har moro med i inngangen til denne vårmånaden.

«Aprilspøk» eller «aprilsnarr» heiter det. Også den som let seg lure, kan kallast «aprilsnarr».

Somme stader har det òg vore skikk å narre folk på liknande vis 1. mai. Ein som går på ein spøk den dagen, blir då kalla «maikatt». «Maigås» er eit anna ord for det same.

 

Publisert: 6. april 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter