Å lyse fred over

Det er vanleg i minneord over døde og i gravferder å lyse fred over han eller ho som har gått bort, eller over minnet til vedkomande. Etter 22. juli i år har uttrykket vorte brukt offentleg svært, svært mange gonger.

Verbet lyse er i denne samanhengen brukt i tydinga 'kunngjere offentleg; […] ynskje'.

I Ordbog over det danske Sprog står det at lyse fred over tyder 'bekendtgøre, at noget i fremtiden er fredet; offentliggøre forbud mod vold eller overlast paa noget'. 

Ordboka har teke med ei tyding som mange ikkje kjenner: lyse i fred eller lyse fred over:'genoptage en fredløs i samfundet; også: tage ham i sin beskyttelse'.

 

Publisert: 23. august 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter