Mastergradsstipend: terminologi og fagspråk (2020)

Språkrådet skal hausten 2020 dele ut stipend til mastergradsstudentar som skriv oppgåve om terminologi og fagspråk. Stipendet er på 25 000 kroner. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Det er behov for dokumentert kunnskap om desse emna:

  • korleis termar blir danna i eit akademisk fagfelt eller eit offentleg forvaltningsområde
  • korleis bruken av termar varierer i eit akademisk fagfelt eller eit offentleg forvaltningsområde (synkron endring)
  • korleis termar eller omgrepsinnhald endrar seg over tid (diakron endring)
  • korleis ny teknologi, ny kunnskap og innovasjonar påverkar norsk fagspråk og terminologiutvikling
  • kva lærebøker og pensumlitteratur har å seie for utviklinga av norsk terminologi
  • korleis terminologi blir utvikla i termgrupper

Søknaden må innehalde

  • ei skisse på éi side der ein gjer greie for problemstillinga og metoden og kor langt ein er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden på maksimum tre sider

Søknadsfristen er 1. oktober 2020. Søkjarane må merkje søknaden med «Terminologi og fagspråk» og sende han til post@sprakradet.no.

Kontakt: Har du spørsmål til utlysinga eller ønskjer å diskutere temaet for oppgåva, må du gjerne ta kontakt på post@sprakradet.no. Merk også denne e-posten med «Terminologi og fagspråk».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.03.2020 | Oppdatert:21.01.2021