Mastergradsstipend: bruk av norsk og engelsk i samfunnet (2011)

Hausten 2011 skal Språkrådet dele ut stipend til mastergradsstudentar som skriv oppgåve innanfor områda engelsk og norsk i Noreg og bruk av norsk i samfunnet.

Det skal delast ut to stipend, kvart på 20 000 kroner. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Vi er interesserte i å få meir kunnskap både om faktisk bruk av engelsk innanfor ulike samfunnssektorar, haldningar til engelsk og norsk og faktorar som fremjar bruk av engelsk i staden for norsk. Vi ønskjer dessutan meir kunnskap om vilkåra for å bruke norsk i ulike variantar – i kvardagen, i skolen, i ungdomsmiljø, i arbeids- og næringslivet, i forvaltninga, i media (også mediebruk og reklame), i universitets- og høgskolesektoren osv. Dette femner også om haldningar, strukturar og identitetsoppleving knytt til språkbruk. Forholdet mellom bruk av bokmål og nynorsk og mellom bruk av norsk og minoritetsspråk har interesse – for eksempel språkveksling, bakgrunnen for individuelle språkval og korleis rettskrivingsreglane, lærebøkene og opplæringa i to målformer fungerer.

Språkrådet kjem til å prioritere søknader som kan føre til kunnskap om viktige nye utviklingstrekk.

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på ei side der du gjer greie for problemstillinga og metoden – det  bør også gå fram kor langt du er komen i arbeidet
  • ei tilråding frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden på maksimum tre sider
    Søknadsfristen er 25. november 2011. Søknaden kan sendast med e-post til post@sprakradet.no, eller med brev til Språkrådet, Postboks 8107 Dep, 0032 OSLO

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte Dag F. Simonsen (tlf. 22 54 19 64, e-post dag.f.simonsen@sprakradet.no) eller Nina Teigland (tlf. 22 54 19 67, e-post nina.teigland@sprakradet.no).

Publisert 20. oktober 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter