Siden sist

Nordterm 2021

Nordterm-konferansen vart arrangert 1. og 2. juni, og for første gong var konferansen digital. Temaet for konferansen var «omgrepsarbeid og informasjonshandtering». Hovudinnlegget vart halde av Jim Yang frå Digitaliseringsdirektoratet og Marianne Aasgaard frå Språkrådet, og dei snakka om at omgrepsarbeidet er ein sentral del av arbeidet med informasjonforvaltning og digitalisering av offentleg sektor i Noreg.

Det var 18 innlegg totalt, og fleire av dei var norske:

Ingebjørg Rype frå Nasjonalbiblioteket fortalde om ein norsk tesaurus for sjanger og form. Ole Våge frå Direktoratet for e-helse heldt eit innlegg om vegen mot ein felles terminologi i norsk helsevesen. Gisle Andersen frå Noregs handelshøgskole, Peder Gammeltoft frå Universitetet i Bergen og Kjetil Gundersen frå Språkrådet presenterte arbeidet med Termportalen i Noreg. Marit Holm Torseth og Synne Solbakken frå Brønnøysundregistra fortalde om informasjonsforvaltning i krisetid med utgangspunkt i ulike kompensasjonsordningar i samband med koronapandemien.

I pausane var det opplegg for diskusjonar. I tillegg var det «pausgympa» og presentasjonar av finsk kunst.

Det var meir enn 200 påmelde til konferansen, og det er om lag dobbelt så mange som det plar vere. Grunnen var truleg at konferansen var digital, slik at alle kunne delta utan å måtte reise. Om lag 120–125 personar var pålogga (i gjennomsnitt) dei to konferansedagane.

Terminologicentralen i Finland og Universitetet i Helsingfors hadde ansvaret for arrangementet.

Rettleiar for hausting av språkdata

Språkrådet har saman med språkbanken ved Nasjonalbiblioteket og Digitaliseringsdirektoratet laga ein rettleiar for hausting og deling av språkdata i offentleg sektor. Rettleiaren informerer om kva språkdata er, og kva datatypar som kan delast, og viser kva offentlege verksemder kan gjere med dataa for å sikre at dei blir tilgjengelege for gjenbruk.

Målet med rettleiaren er å få samla inn meir data frå offentleg sektor til språkbanken, slik at dataa kan bli brukte som grunnlagsmateriale i utvikling av mellom anna språkteknologiske verktøy.

Ny bok om helsespråk

HelsespråkI mai vart det arrangert eit nettseminar om helsespråk, og her vart boka Helsespråk lansert. Eit mål med boka og seminaret var å utveksle erfaringar frå språkarbeid i helsesektoren. Arrangørar av seminaret var Språkrådet, Direktoratet for e-helse, Helse Sør-Aust, Gruppe for norsk medisinsk fagspråk og Tidsskrift for Den norske legeforening. 25 forfattarar har skrive tekstar til boka. Ein av dei er direktøren i Språkrådet, Åse Wetås. Tekstane omhandlar ulike sider ved språk og kommunikasjon i helsetenesta. Smakebitar frå boka vart lagde fram på nettseminaret.

I boka finn du artiklar om fagspråk, terminologi og klarspråk, og du kan lese om omgrep og nemningar i helsespråket, omgrepsapparatet SNOMED CT, standardisert terminologi i dokumentasjon av sjukepleie og om arbeidet som termgruppa for celle- og molekylærbiologi gjer for å kome fram til gode norske termar og definisjonar.

Boka Helsespråk er publisert som eit supplement til tidsskriftet Michael, som blir utgjeve av Det norske medicinske Selskab, og ho er tilgjengeleg her. Du kan kontakte Språkrådet om du ønskjer å få ei trykt utgåve av boka i posten.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.06.2021 | Oppdatert:21.06.2021