Språkstatus 2021

Dette er den femte språkpolitiske statusrapporten som Språkrådet legg fram.

I mars 2021 vart den første heilskaplege språklova i Noreg vedteken av Stortinget. I lovproposisjonen (Prop. 108 L (2019–2020)) blir det slått fast at språkpolitikken ikkje er avgrensa til eitt politisk-administrativt område eller til eitt enkelt departement, men skal gjelde på tvers av politikkområde og samfunnssektorar. Proposisjonen varslar òg at Kulturdepartementet med jamne mellomrom vil rapportere til Stortinget om språksituasjonen i Noreg og om korleis dei ulike sektorane har følgt opp språkpolitikken.

Denne statusrapporten kan sjåast som ei nullpunktsmåling for statusen til dei språka som Noreg har eit særleg språkpolitisk ansvar for. Rapporten blir dermed eit grunnlag for det vidare arbeidet til alle aktørar som har ansvar for å følgje opp den «nye» språkpolitikken i sine sektorar. Han kan òg vere eit grunnlag for den språkpolitiske rapporteringa frå departementet til Stortinget, og han kjem til å vere eit verktøy for Språkrådets arbeid med å følgje opp og samordne utøvinga av språkpolitikken i Noreg.

Heile rapporten

Kapitla

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.12.2021 | Oppdatert:07.03.2022