Litt om komma

Denne gongen skal vi sjå på to kommareglar som mange slurvar med.

Regel 1: Komma når leddsetninga kjem fyrst

Leddsetningar står ikkje aleine, har eit bøygd verb og blir i regelen innleidde av ein såkalla subjunksjon.

Døme:

ordføraren kom med framlegget sitt, møtte ho mykje motbør.
At det kan vera vanskeleg å bli høyrd, fekk han merka då han protesterte.
Som eg har sagt mange gonger før, trur eg dette skal gå bra.
Dersom du sluttar tidleg på arbeid, kan vi gå på kino i kveld. 

Leddsetningar som inneheld eit vilkår, kan mangla subjunksjon:

Blir vi ikkje ferdige med arbeidet i kveld, må vi finna på noko anna.

Også når leddsetninga er innskoten, skal ho ha komma etter seg:

Ryktet om at ordføraren ville trekkja seg, stemte ikkje likevel.
Kari sa at sidan ho var ferdig med jobben, ville ho byrja med noko anna.
Mannen (som) eg møtte på toget, viste seg å vera ein gammal kollega. 

NB: Er verbet ein perfektum partisipp, skal det ikkje vera komma etter.

Døme:

Som nemnt ovanfor er det fleire måtar å løysa problemet på.
Enkelt sagt har de to alternativ å velja mellom.

Regel 2: Ikkje komma etter anna som liknar leddsetningar

Nokre setningsledd kan minna om leddsetningar, men er det likevel ikkje. Dei manglar eit bøygd verb og skal ikkje ha komma etter seg.

Døme:

Å lesa pensum og løysa oppgåver er viktig for å lukkast på eksamen.
Etter lange og inngåande drøftingar vart partane samde om ei avtale.
Personar med ansvar for born og unge er viktige rollemodellar. 

Her har vi skrive om setningane slik at dei inneheld eit bøygd verb. Då er kommaet tilbake:

Om ein les pensum og løyser oppgåver, er det enklare å lukkast på eksamen.
Etter at dei haddedrøfta saka lenge og grundig, vart partane samde om ei avtale.
Personar som har ansvar for born og unge, er viktige rollemodellar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.11.2015 | Oppdatert:22.03.2022