Språkleg dilemma

No image

Korleis skal utdanningsinstitusjonane vera ein del av norsk samfunnsliv og samtidig oppfylle krava om internasjonalisering?

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Universiteta og høgskulane står overfor eit stort dilemma. Dei har eit lovpålagt ansvar for å utvikle og vedlikehalde norsk fagspråk, men dei skal òg ta imot fleire internasjonale studentar og tilsette. Dét er nemleg eit politisk mål.

Noregs handelshøgskole (NHH) i Bergen har forsøkt å løyse nokre av ut­fordringane ved å revidere dei språkpoli­tiske retningslinene sine. I retningslinene står det mellom anna at fast tilsette skal meistre norsk på eit middels høgt nivå i løpet av tre år. Det står òg at norsk er ho­vudspråket i undervisninga på bachelor­studiet, og studentar og tilsette med ny­norsk som hovudmål skal bli oppmoda til å halde fram med det.

Astri Kamsvåg, som er tilsett ved av­ deling for kommunikasjon og samfunns­kontakt, var med i gruppa som arbeidde med retningslinene. Nokre av forslaga frå arbeidsgruppa skapte rabalder blant kol­legaene, seier ho.

– Det var særleg to punkt det var my­kje diskusjon om: kva som skal vera ho­vudspråk på masterstudiet, og i kva grad fast tilsette skal kunna norsk. Resultatet vart eit kompromiss. Rektor sa at vi må ha retningsliner som det er mogleg å rette seg etter, og der hadde han eit viktig poeng.

– Korleis skal de følgje opp retningslinene?

– Det er ikkje nok å vedta noko og leggje det ut på nettet. Oppfølgingsfasen er den viktigaste fasen. På NHH er ansvaret for å følgje opp retningslinene plas­sert hjå leiarane. I tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet er det fleire krav som gjeld språk, og det verkar mo­tiverande å veta at språkarbeidet vårt er noko som departementet er oppteke av, seier Kamsvåg.

Samfunnet tener på språkarbeid

Kamsvåg meiner at ein må sjå på språk­arbeidet som ein integrert del av alt anna arbeid. Dessutan har alle mykje å vinne på eit systematisk språkarbeid.

– Vi vil jo følgje lovverket. Forhå­pentlegvis kan vi vera eit førebilete for andre i sektoren, sjølv om det er mykje som står att for oss òg. For kvar og ein student er det bra å få undervisning på morsmålet; forsking viser at ein lærer betre da. I siste instans vinn samfunnet på at vi forsyner arbeidslivet med ar­beidstakarar som kan faget sitt på norsk.

Må hugse grunnen til at mållova finst

Som andre statlege institusjonar skal universitet og høgskular følgje mållova, noko Språkrådet fører tilsyn med kvart år. Margrethe Kvarenes, som er sjef for seksjonen for språk i skule og offentleg forvaltning i Språkrådet, seier at uni­versiteta og høgskulane enno har ein veg å gå for å oppfylle krava i lova. Ho har eit særleg hjarte for studentar som ikkje får eksamen på den målforma dei har krav på.

– Eksamen er ein stressande situa­sjon. Nokre studentar må leite ekstra for å finne eksamensteksten på rett målform, andre studentar får ikkje tek­sten på rett målform, eller dei får ein tekst som er dårleg omsett. Da får dei dårlegare føresetnader for å skrive ein god eksamen. Bokmål og nynorsk er likestilte målformer, og mållova er der for å sørgje for at innbyggjarane blir be­handla likt.

Den nye språklova, som truleg blir vedteken i Stortinget i haust, kjem til å erstatte mållova. Språkrådet skal laga rettleiingsmateriell både til dei som har pliktar, og til dei som har rettar etter den nye lova. Rapporteringa kjem til å halde fram som før, men ei ny løysing skal gjera det lettare å rapportere.

– Det å følgje språklova kjem til å krevja ein innsats frå kvar enkelt in­stitusjon. Det kjem ikkje av seg sjølv å oppfylle miljøkrav eller likestillings­krav. Slik er det med språk òg. Syste­matisk innsats og god planlegging gjev betre resultat enn skippertaksmetoden. Ein nøkkel her er å tilsetja folk med god nynorskkompetanse, seier Kvarenes.

Må bli integrert i rapportering

Kamsvåg meiner òg det er viktig å vera medveten om språk når ein skal rekrut­tere nye tilsette. Vitskapleg tilsette som ikkje kan norsk godt, vil sjeldnare kun­na delta i regjeringsoppnemnte ekspert­ utval, vera kjelder for journalistar eller utstyre studentane med norsk termi­nologi. Ein må alltid sjå på heilska­pen og syte for språkleg balanse. Ein annan ting ein må gjera for å lyk­kast med språkarbeidet, er å få med leiinga, seier Kamsvåg.

– Leiinga må seia at det er viktig, elles blir det ikkje priori­tert. Til dømes kan medarbeidarsamtalar innehalde spørs­mål om språk. Språk bør få plass i all rapportering om kjer­neverksemda. Mellom anna bør årsrapporten inkludere tilfang om språket i utdanninga, formid­linga, forskinga og organisasjonen. Vi er ikkje i mål enno, men vi er i ferd med å finne ut kva som skal til.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter