Sterk kritikk av nye namn

No image

Stadig fleire namn i staten bryt med norsk rettskriving.
– Språket vårt er identiteten vår og kulturen vår, og det irriterer meg at styresmaktene ikkje ser på det som godt nok lenger, seier stortingsrepresentant Stefan Heggelund.

AV ASTRID MARIE GROV

«Bane NOR», «OsloMet», «Norec». Det har dei siste åra komme fleire namn på statlege verksemder som er i strid anten med norsk rettskriving, retningsliner for god namneskikk eller begge delar. Ein som er lei av det, er stortingsrepresentant Stefan Heggelund (H).

– Det er ganske utruleg at ein institusjon som hadde eit så flott namn som Fredskorpset, finn ut at dei skal heite «Norec». Jernbaneverket var også eit godt og informativt namn, som er endra til «Bane NOR». Dessverre ser det ut til at det er umogeleg å stoppe den såkalla utviklinga.

Mykje støtte

Heggelund meiner det offentlege må vere eit føredøme når det gjeld namnsetjing på norsk.

– Vi må kunne forvente at offentleg eigde institusjonar følgjer norske rettskrivingsreglar og har eit norsk namn. Det irriterer meg at styresmaktene ikkje ser på språket vårt som godt nok lenger, og eg meiner regjeringa skulle ha sett foten ned for fleire av desse namna. Då eg stilte spørsmål i Stortinget om kva «OsloMet – storbyuniversitetet» heitte på nynorsk og bokmål, svara statsråden at dét er det norske namnet. Eg er ueinig i at det er eit norsk namn. Sjølvsagt skal norske institusjonar òg ha namn på engelsk, men i Noreg bør dei bruke det norske namnet.

Heggelund etterlyser respekt for språket som kulturarv. Språket vårt er identiteten vår og kulturen vår, seier han.

– Her i landet har vi vore svært opptekne av språk og brukt det aktivt i nasjonsbygginga. Eg er lei av anglifiseringa som vi ser overalt, ikkje berre hjå styresmaktene, men òg i næringslivet. Går du rundt i Vika her i Oslo, er det som å vere i utlandet, for der er det ingenting som heiter noko på norsk.

Stefan Heggelund har mellom anna brukt sosiale medium til å protestere mot bruken av dei nye namna. Han fortel at han har fått svært mykje støtte.

– Eg har knapt lagt ut noko som har skapt meir merksemd, og det viser at det er mange som irriterer seg. Eg skal ikkje gje meg ut for å vere bedriftsrådgjevar, men eg trur det er eit strategisk feilgrep å ikkje velje norske namn. Norske namn blir tekne godt imot i folket.

Etterlyser språklov

Språkrådet har nyleg sendt eit brev til Kulturdepartementet der direktør Åse Wetås uttrykkjer uro over utviklinga i statleg namnelaging. Ho meiner at det må kome tydelegare føringar.

– Offentlege institusjonar kan ikkje få te seg som om dei var private. Vi har rettskrivingsreglar som statlege organ skal følgje, og det er det ein grunn til.

Rettskrivinga blir forvalta av den norske staten, og det bør vere sjølvsagt at statlege institusjonar følgjer rettskrivingsreglane, meiner Wetås.

– Noko av det viktigaste vi lærer ungane våre i skulen, er å skrive rett. Når staten ikkje følgjer rettskrivingsreglane, korleis kan vi då vente at samfunnet elles viser respekt for dei? Staten skal ikkje bryte eigen språkpolitikk.

Namneskiftet frå Fredskorpset til «Norec» vart annonsert i august i samband med at organisasjonen flyttar frå Oslo til Førde. Wetås seier «Norec» er det siste i rekkja av statlege namn som ikkje held språkleg mål.

– Statlege organ er pålagde å konsultere Språkrådet når dei skal kome fram til eit nytt namn. Dessverre er det mange som ikkje gjer det, og «Norec» er eitt av dei. Organisasjonen marknadsfører seg med ei forkorting av det engelske namnet, Norwegian Agency for Exchange Cooperation, og kan vanskeleg kan seiast å vere eit norsk namn. Namnet er òg heilt ueigna til å fortelje kva institusjonen driv med.

Wetås meiner namn som ikkje er sjølvforklarande, aukar avstanden til ålmenta.

– Det har gjennom mange år vore eit viktig mål at staten skal bruke eit klårt og godt språk. Språkrådet har saman med Difi hatt ansvaret for dette arbeidet. Verksemdsnamn som bryt med norsk rettskriving, og som ikkje gjer det klårt kva verksemda driv med, fremjar ikkje god kommunikasjon mellom staten og borgarane.

No bør retningslinjer for namnelaging i staten takast inn i lovverket, meiner Åse Wetås.

– Regjeringa ønskjer å få til ei språklov, der alt regelverk om språk skal samlast. Språkrådet meiner lova òg bør innehalde reglar for namnelaging i staten. Namna våre er for viktige til at PR-byrå kan få rå over dei aleine.


Direktør Jan Olav Baarøy og utviklingsminister Nikolai Astrup avduka det nye namnet i Førde i august. Foto: fredskorpset.no– Det norske namnet vårt er Norsk senter for utvekslingssamarbeid, og det vil vi nytte når vi presenterer oss i norsk samanheng. Men det er langt, så vi nyttar forkortinga Norec fordi det tydeleggjer vår plass i forvaltninga, under UD saman med Norad og Norfund. Akronymet kjem frå det engelske namnet fordi vi opererer mest i utlandet, og vi meinte det var best av alternativa, seier direktør Jan Olav Baarøy i Norsk senter for utvekslingssamarbeid i eit tilsvar.

– Namnet Fredskorpset er kjempefint, og vi er stolte av historia. Men vi har store utfordringar med at mange trur vi er ein frivillig eller religiøs organisasjon, og det har vore vanskeleg å kommunisere i utlandet. Fredskorpset var også namnet på korpset av hjelpearbeidarar som reiste til utviklingsland på 60-talet, og det representerer ikkje det vi driv med i dag.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter