Det språklege blikket

No image

Juristar får stadig oftare med seg språkvitarar når dei skal omarbeide lovtekstar. ‒ Me kunne ikkje modernisert Grunnlova utan filologar, seier jussprofessor Eirik Holmøyvik. 

I 2013 leverte eit utval, leidd av jussprofessor Hans Petter Graver, moderniserte versjonar av Grunnlova på både bokmål og nynorsk til Stortinget. Utvalet bestod av tre juristar, og to filologar frå Språkrådet.

Såg motsetnader

Utvalsmedlem Eirik Holmøyvik, professor i juss ved Universitetet i Bergen, er full av lovord om samarbeidet.

– Språkvitarane såg ting me ikkje såg, til dømes motsetnader. No har jo juristar språket som arbeidsverktøy sjølve, og norskfaget er faktisk det viktigaste skulefaget me tek med oss inn i studiet. Likevel er det noko anna med den språklege tilnærminga filologane bidrog med. Eg vart positivt overraska over kor mykje dei hadde blikk for.

Arbeidet i utvalet var eit heildemokratisk prosjekt, der ord for ord vart vurdert nøye. Det vart mange timar på møteromma på Stortinget.

– Det var faktisk filologane som laga råutkasta til både bokmåls- og nynorskversjonen. Med dei som utgangspunkt jobba me vidare med teksten i fellesskap. Då var både det juridiske og det filologiske blikket heilt uvurderleg. Språkvitarane føreslo jamt forenklingar. Somme tider måtte me leggje ned veto fordi det endra på den juridiske tolkinga. Andre gonger såg me derimot at ei nedkorting absolutt kunne gjere teksten meir forståeleg utan at innhaldet vart endra.

Ord med endra innhald

Holmøyvik framhevar at Grunnlova er ein særeigen og symbolsk tekst der den passande formuleringa kan vere vanskeleg å finne.

– Grunnlova skal jo gje meining både for 16-åringar og juridiske ekspertar. Kanskje særleg difor var samarbeidet med språkfolk nyttig. Utgangspunktet for moderniseringa var at språket skulle fornyast, men at innhaldet måtte vere det same. Noko me då måtte ta stilling til, var om me skulle byte ut ord. Eit døme er naturalisere, som er det same som å gje innfødsrett (statsborgarrettar). Sjølv om ordet framleis står i ordbøkene, er det ikkje i bruk lenger, så me valde å bytte det ut. Slike vurderingar måtte me ha hjelp av filologane til.

Til sist var det berre nynorskversjonen til utvalet som vart vedteken i Stortinget. Den meir moderate moderniseringa til den pensjonerte språkprofessoren Finn Erik Vinje vann fram som bokmålsversjon. Holmøyvik meiner det er ei veikskap ved Vinjes arbeid at han ikkje hadde juristar med seg på laget.

– I originalversjonen heiter det til dømes i § 100 «Ytringsfrihed bør finde Sted», og det gjer det framleis i Vinjes versjon. Men «bør» i originalversjonen tyder etter moderne ordbruk «skal», og det veit juristar. Problemet er at etter moderniseringa av språket skal Grunnlova lesast etter moderne ordbruk, og då blir «bør» feil i bokmålsversjonen som no er vedteken. Den trur eg ikkje hadde vore der om Vinje hadde hatt juristar til å hjelpe seg.

– I nynorskversjonen blei det til slutt heitande «Ytringsfridom skal det vere», og «skal det vere» var framlegg frå ein av filologane. Den er eg utruleg godt nøgd med. Eg er i det heile veldig stolt over det me har fått til i lag, seier Holmøyvik.

Omgrepsapparat

Inger Riis-Johannessen er fagleg leiar for forskriftseininga i lovavdelinga i Justis og beredskapsdepartementet. Det siste året har ho samarbeidd med filologar frå Språkrådet om revideringa av fleire lover i prosjektet Klart lovspråk, som Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har sett i gang. Som Eirik Holmøyvik er ho nøgd med bidraget frå språkvitarane.

– Dyktige språkfolk er eit godt tilskot i arbeidet med lovtekstar, seier ho. – Omgrepsapparatet filologane nyttar når dei granskar grammatikk og ordtilfang, er eit nyttig verktøy i lovarbeidet. Som jurist kan eg ofte tenkje at ei setning ikkje høyrest heilt god ut. Filologane har hjelpt meg med å setje ord på kvifor. Dei har òg gjort meg merksam på formuleringar eg ikkje visste var dårleg norsk.

Det er òg stor forskjell på kor gode juristane sjølve er språkleg, meiner ho. Dei fagleg sterkaste er gjerne flinke.

– Akkurat som det finst gode og mindre gode filologar, finst det dyktige og mindre dyktige juristar. Dei som har eit godt grep om jussen, frigjer seg òg lettare frå gamle, oppstylta formuleringar.

Riis-Johannessen peikar på at det er viktig at filologane blir kjende med lovsjangeren. Då torer dei til dømes å føreslå meir radikale omskrivingar, som gjerne fungerer betre enn mindre endringar.

– Innanfor jussen er det mykje som blir skrive på ein viss måte berre fordi det lenge har vore slik. Juristar har godt av å bli utfordra på nye uttrykksmåtar, og jamt over kunne dei med fordel vore meir lydhøyre for omskrivingar. Slik vil lovspråket kunne bli både klarare og meir tilgjengeleg.

Jusstudentane kan bli betre
– Mange jusstudentar kunne trunge meir språkleg trening, så me har nok absolutt noko å gå på der.

Inge Lorange Backer er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og mangeårig ekspedisjonssjef i lovavdelinga i Justisdepartementet.

– Eg ser jo sjølv at det er forskjell på studentane språkleg. Likeins er det nok skilnad på kor mykje vekt sensorane legg på formuleringsevne på eksamen. Sjølv er eg nok mellom dei som legg ganske stor vekt på det, særleg dersom studenten vippar mellom to karakterar. Jusstudentane skal etter karakterane frå vidaregåande å døme vere sterkare no enn før. Då hadde eg venta at det språklege nivået òg hadde blitt betre, men det synest eg nok ikkje det har. Eg trur derfor at både undervisning i juridisk klarspråk og meir teljande oppgåveskriving med fordel kunne få ein større plass i jusstudiet, seier Backer.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2015 | Oppdatert:22.03.2022