Frå verst til best

No image

For drygt eitt år sidan var Nasjonalbiblioteket langt frå å innfri krava til veksling mellom nynorsk og bokmål. No har ein snuoperasjon gjort statsorganet til eit språkleg føredøme.

AV LARS IVAR NORDAL

– Vi bestemte oss for at dette skal vi klare. I fjor var nynorskprosenten så låg som 4 % i somme kategoriar. Det er beint fram flautt, seier Ida Berntsen, avdelingsdirektør for kulturformidling og informasjon ved Nasjonalbiblioteket.

I Noreg er alle statsorgan omfatta av lov om målbruk i offentleg teneste. Denne lova set språklege krav. Mellom anna skal sentrale statsorgan veksle mellom målformene i alt dei skriv i sosiale medium, på nettet, i trykte publikasjonar og i stillingslysingar. Kravet er at kvar målform skal nyttast i minst 25 % av innhaldet i kvar kanal.

– Då eg byrja ved Nasjonalbiblioteket for halvanna år sidan, sa eg tydeleg at vi måtte gjere noko med målbruken i organisasjonen. Vi skal følgje norsk lov på same måten som andre statsorgan. Det var mitt ansvar som avdelingsdirektør å skape rutinar for å nå dette målet, seier Berntsen.

I avdelinga ho leier, arbeider tolv personar. Dei er ansvarlege for alt som blir publisert på nettsidene til Nasjonalbiblioteket.

– Vi byrja med å kartleggje kva type tekstar vi publiserer, og kor mykje tid vi har til å skrive dei ulike tekstane. Vi såg raskt at vi publiserer ein drøss med korte tekstar, som skal kjapt ut på nett og i sosiale medium. Då var det avgjerande å syte for nok nynorsk i desse kanalane.

I staben er det éin person som bruker nynorsk som hovudmål til dagleg. Ho fekk ansvaret for å skrive dei korte tekstane til sosiale medium. Samstundes vart sju andre sende på nynorskkurs hjå Språkrådet.

– I dag er det fleire i staben som skriv tekstar på nynorsk. Dei rådspør gjerne «primærnynorskbrukaren» vår når dei er itvil, seier Berntsen.

Systematisk arbeid

Staben skjøna raskt at språkmedvitet aldri kan kvile om ein skal lukkast med arbeidet.

– I byrjinga fekk vi ein vekkjar: Alle hadde kjensla av at vi skreiv mykje nynorsk, men då vi målte, var det ikkje så store utslag på tala. Vi lærte at nynorskbruken fort dabbar av om ein ikkje følgjer med, fortel Berntsen.

Nasjonalbiblioteket brukte Google-søk på ordpara ikkje/ikke og frå/fra for å finne fordelinga mellom målformene. Det er den same søkjemetoden som Språkrådet rår statsorgana til å bruke i den årvisse rapporteringa om målbruken i verksemda.

– Det er viktig å måle undervegs. Til ein god rekneskap trengst det tal for kvar månad, meiner Berntsen.

Direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, er imponert over snuoperasjonen til biblioteket.

– Der det er vilje, er det òg veg. Nasjonalbiblioteket har vist at ein kan gå frå verst til best i klassen på kort tid, seier språkdirektøren.

Lågare terskel

Berntsen trur mange bokmålsbrukarar kvir seg for å skrive nynorsk fordi dei er redde for å gjere feil.

Det er hjelp å få for dei som blir usikre når dei skal skrive nynorsk. I juni lanserer Språkrådet eit nytt nettkurs for offentleg tilsette. Kurset «Oi, på nynorsk!» tek opp dei vanlegaste utfordringane folk møter når dei skal skrive nynorsk.

Kurset skal gjere brukarane tryggare på å bruke nynorsk i arbeidskvardagen.

– Vi håper kurset gjer at fleire vågar å bruke nynorsk. Det er ikkje så vanskeleg som du kanskje trur. I kurset lærer du enkle grep som kan gjere nynorsken din mange hakk betre. Vi veit at det er eit stort behov for nynorskkurs i offentleg sektor, og vi trur mange vil ha nytte av kurset, seier Wetås.

I tillegg gir Språkrådet «fysiske» nynorskkurs til statstilsette, eit tilbod som mellom andre Nasjonalbiblioteket har nytta. I fjor heldt Språkrådet tjue slike kurs.

– Det er vel og bra å sende tilsette på kurs, men det viktigaste er likevel å setje seg eit mål, meiner Ida Berntsen.

– Eg trur leiarar beint fram må bestemme seg for å lukkast på dette feltet. I staben vår var det stor vilje, ikkje berre til å bli litt betre, men til å stette krava i lova heilt og fullt. Det har gitt resultat.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.06.2017 | Oppdatert:22.03.2022