Nytt kurs skal lette stadnamnarbeidet

No image

Etter endringane i stadnamnlova i 2019 fekk Språkrådet heile ansvaret for rådgjevinga som gjeld norske og kvenske namn. Språkrådet lagar no eit e-læringskurs for å rettleie kommunetilsette i stadnamnsaker.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Stadnamna i Noreg blir sett på som felles kulturminne. Difor er det det offentlege som skal vedta skrivemåten for stadnamn. I mange saker kan kommunane sjølve gjera vedtak om skrivemåten, for eksempel i adresser eller hyttefelt. For å lette dette arbeidet har Språkrådet laga eit e-læringskurs.

– Kurset gjev ei grundig innføring i stadnamnlova. Det vil hjelpe dei tilsette i kommunane med å finne fram til dei riktige paragrafane, og det inneheld eksempel på korleis ein kan bruke skjønn når ein vurderer ei sak, seier Daniel Ims, seksjonssjef for språkrøkt og språkrådgjeving i Språkrådet.

I tillegg til å opplyse om regelverket og arbeidsgangen i namnesaker skal kurset formidle kunnskap frå namnegranskingsfaget.

– Namnegranskingsfaget som eige studium er lagt ned ved dei norske universiteta. Eit formål med kurset er òg å halde på og formidle noko av den kunnskapen som finst, sidan det no er få tilbod for dei som ynskjer å lære meir om sjølve faget, seier Ims.

Stadnamngransking handlar om språkhistorie, dialektar, etymologi og kart – ja, om alt som er kult! Ivar Berg

Etter planen skal kurset vera ferdig i april 2021. Det blir lagt ut på nettsidene til Språkrådet og vil òg vera tilgjengeleg på DFØs læringsplattform.

Uttalen ligg alltid til grunn

I saker som gjeld gardsnamn, bruksnamn, seternamn eller naturnamn, er det ikkje kommunane, men Kartverket som gjer vedtak. Berit Sandnes er stadnamnansvarleg for region Midt i Kartverket. Ho fortel at ein må ta ulike omsyn når ein skal fastsetja ein skrivemåte.

– I lova står det at ein skal ta utgangspunkt i nedarva lokal uttale, og ein skal følgje rettskrivingsprinsippa. Det som er spesielt i Noreg, er at uttalen har så mykje å seia. Det er lett å tenkje at den skriftlege forma er det eigentlege namnet, og mange synest det er vanskeleg å skjønna kvifor uttalen er så viktig.

Sandnes gjev eit eksempel: I mange namn er det brukt stum h, som i etterleddet -seth. Denne h-en er ein «pyntebokstav» som kom inn i skrifta i dansketida. Men det er rettskrivinga og språkhistoriske tilhøve som avgjer om ein fastset skrivemåten med eller utan h i slike tilfelle.

Kva trengst for at Kartverket også i framtida skal kunna gjera fagleg funderte og godt grunngjevne vedtak?

– Vi treng folk med stadnamnkompetanse, men det har vorte vanskelegare å rekruttere slike folk dei siste åra. Eg er ikkje uroleg for stadnamna i seg sjølve – dei vil overleva, for det er umogleg å finne fram på eit noregskart utan stadnamn. Men namnegranskinga som fag må nok definere seg på nytt, til liks med andre små humaniorafag. Vi må tenkje nytt om korleis vi gjer emnet interessant som fagfelt, meiner Sandnes.

Vanskelege saker krev fagkunnskap

Forvaltninga – det vil i praksis seia kommunane eller Kartverket – må av og til vurdere om ein skal sleppe gjennom lokale former som skil seg frå rettskrivinga.

– Når ein skal vurdere slike saker, er det viktig å ha kjennskap til systemet i dei ulike dialektane. Då treng ein fagfolk til å manøvrere, for slike saker kan skapa debatt i lokalsamfunna, seier Ivar Berg ved NTNU. Berg er professor i nordisk språkvitskap, namnekonsulent og medlem av Språkrådets fagråd for stadnamn. Han meiner at dei historiske disiplinane i nordiskstudia må bli revitaliserte, og at det kulturhistoriske aspektet er nødvendig å kjenne til når ein skal drive tilsynsarbeid etter stadnamnlova.

– Stadnamngransking handlar om språkhistorie, dialektar, etymologi og kart – ja, om alt som er kult! Nedbygginga av namnegranskingsfaget er nok del av ein overordna trend der tradisjonsdisiplinar som språkhistorie, norrønt og dialektar har vorte mindre viktige. Mange som driv med stadnamn i dag, er ikkje reindyrka spesialistar, men kjem frå andre, tilgrensande fagfelt.

Hundreåring får nytt liv

Sjølv om stadnamnfaget gradvis har vorte nedbygd ved universiteta, skjer det nyvinningar på feltet. Peder Gammeltoft, fagleg leiar for Språksamlingane ved Universitetet i Bergen, seier at han er sjef for ein vital hundreåring som snart er klar til å hoppe ut i eit nytt tilvære.

– I år er stadnamnarkivet hundre år, og på bursdagen blir arkivet digitalt. Innhaldet blir mykje meir tilgjengeleg. Dessutan veks arkivet med tilfang frå arkiv ved andre universitet.

I desse dagar testar Gammeltoft ein digital portal for stadnamnarkivet. Portalen skal gje oversyn også over andre og mindre stadnamnarkiv i landet. Planen er at nettportalen skal vera klar til ein jubileumskonferanse i oktober. Og dimed er arkivet klart for hundre nye år?

– Ja, vi må ha eit stadnamnarkiv. Spørsmålet er om vi har nokon til å arbeide med arkivet. På normeringssida har vi det; normering står sterkt i Noreg. Kartverket og Språkrådet brukar arkivet regelmessig. Men stadnamn som forskingsfelt og historisk dokumentasjon står svakare. Eg meiner at framtida må vera digital. Det blir mykje enklare for dei som forvaltar stadnamna, og for dei som er interesserte i faget. Skal ein ha eit ordentleg arkiv, må det vera så omfattande og heilskapleg som mogleg. Vi er på god veg dit no, seier Gammeltoft.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.11.2020 | Oppdatert:22.03.2022